lørdag 10. desember 2011

Endeleg!

Endeleg vart det eit høve til å kome seg ut på sjøen att. Etter kajakkfiks og eit dårleg ribbebein (oldboys igjen..), var det fantastisk å kome seg i kajakken att.

Sola kom så vidt opp for å helse på.. Ikkje så lenge den viste seg i dag, men snart snur sola!



Eg gjekk i land på ei av dei mange fuglereservata (lovleg no),for å strekke beina og lage litt mat.

Veret skifta fort frå sol til regn:

Litt omelett stod på menyen. Veit ikkje kva som gjer det, men når eg er på sjøen (og har vore) er eg heilt vill etter egg! Trong for protein? Uansett, dette med å lage mat ute no på vinteren, er kos!

Med skive og einerøykt laks, vart dette eit herremåltid. Og utsikta, då....

Euroåre i dag. Kjenner meg meir konfortabel med å bruke denne no.

Denne skarven flaug rundt meg mange gonger. PR- kåt eller klassisk skarveoppførsel?

Med låg sol og flott natur, blir det mange fine motiv.



Ser at eit nytt spruttrekk må til snart.

Godt å kome seg ut på sjøen igjen! Du veit ikkje kva du går glipp av, Knut Nærum. :-)

5 kommentarer:

  1. er det sant at laxen har blitt røkt med røyk fra einerbær!?

    SvarSlett
  2. Hehe.. Nei, eg var visst litt for eksotisk der. Den er einerøykt..

    SvarSlett
  3. Det ser berre heilt fantastisk ut!Både padleturen og maten :)Saknar å vere ute på sjøen...
    Heldig som har den flotte naturen rett utanfor stovedøri.

    SvarSlett
  4. Super tur du har hatt:) Vart heilt padlesjuk:) Maten smakte ekstra godt tenker jeg:)))

    SvarSlett
  5. Ja, det er flott å padle no om vinteren! Så mykje meir å sjå. Tron Ivar: Ta med padlestasjet ut i romjula, så tek vi ein tur! :-)

    SvarSlett