lørdag 17. desember 2011

Morgontur

I morgontimane i dag, var det fine forhold for padling. Då eg såg ut av vinduet klokka 9, bestemte eg meg for å dra ut. Noko ein aldri angrar på..


Sola har ikkje kome opp endå. Den ligg og lurar bak fjella.




Men oteren var vaken. Eit oterpar leika seg litt i sjøen, før dei begge lunta inn i skogen. Eg er imponert over kor mange (rare) lydar desse dyra lagar. Alt i frå piping, hvesing og klukking.


Her viser sola seg. klokka er 10.30..



Ein liten beinstrekk vart det også tid til. Men det var såpass surt, at noko lang pause, vart det ikkje.


Atløy i vinterdrakt:


På veg heim att, etter ein finfin start på dagen. Godt for kropp og sjel!


Flott å padle om vinteren!

3 kommentarer:

  1. Flott blogg og flotte bilder Odin :-)

    SvarSlett
  2. Knallfint. Sukk. Nesten så ein får heimlengsel av detta. Bra gjort å komme seg ut på morgontur!

    SvarSlett
  3. Takk begge to! Det var nokre få timar finver laurdag morgon. Elles har det jo vore ein ganske begredeleg helg, vermessig..

    SvarSlett