tirsdag 18. oktober 2011

Glesvær

I helga var det del to av vidaregåande kurs hav. Vi var 9 deltakarar som fekk prøve oss i minst 4 stjerners forhold, og i bølgjer på opp mot 6 meter.. Bilete under var resultatet av ein "fråland- øving", som enda med at kajakken hang på ein rur- kant: (Siste bilete i lenka under)


Litt å gjere på utover vinteren, altså.

Eg kom att frå Sotra litt betre kjend med meg sjølv (på godt og vondt), klokare og meir audmjuk. Takk til dei andre deltakarane for ein lærerik og flott helg, og til veiledarane våre; Lidun og Trond.

Eg hadde ikkje med fotoapparatet denne gongen, men du kan finne bilete frå helga på Kjell sin blogg.

Mildrid si flotte og ærlege skildring av helga finn du her.

Veiledar Trond Glesaaen sin video frå bølgjene finn du her.

2 kommentarer:

  1. Takk for laget i helga, Odin! Du er ein dyktig og reflektert fyr, som eg gjerne padlar med oftare. Når du slyng på desse kantar, må du endelig ta kontakt :-)

    SvarSlett
  2. Takk for det, Mildrid! Så sant eg har høve til det, vil eg alltid prøve å ta med kajakken oppover når eg er der!

    SvarSlett