I dag blåste det opp til liten kuling. Då vart det høve til å leike seg litt utpå fjorden. Eg prøvde å få til nokre surfar på dei bølgjene som var i dag. Ikkje så enkelt.. Store bølgjer er litt meir slik; "vil du vere med, så heng på", medan mindre, må ein treffe akkurat med tid og fart. Fann til slutt ut at det beste var å leite etter surfbare bølgjer når ein padlar medsjø, prøve å ta dei att, og så forsøke å finne farta. Har pleid å vere litt overivrig tidlegare. Har hatt ein tendens til å padle i frå dei.
Eigentleg ganske overraskande kor stor fart ein kan få på slike korte, små fjordbølgjer:
tirsdag 30. august 2011
torsdag 18. august 2011
Kveldstur til Eimind fyr
I kveld var eg eigentleg ganske så trøytt. Men eg kom meg over "dørstokk- mila", og kom meg ut på sjøen. Det angrar eg ikkje på!
Det vart ein liten tur til fyret på Eimind i kveld. Etter å ha forsert det triste Granesundet i "transportetappe- tempo", opna det seg opp mot vest. I kveld var det ein fin kveldshimmel også.
Sidan det var så rolege forhold, gjekk det an å gå i land ved fyret:
Røsslyng ER vakkert..
På veg innatt skifta himmelen til mørkare fargetonar, og eg tenkte på at eg hadde gløymt lys..
Men det vart ordna ved å leggje mobilen med lommelykta på, inni Pelican- boksa. Så det vart ein "slags" lanterne:
På denne tida vert det fort mørkt, og neste gong skal det vere lys med på padletur..
Haust = lanternetid!

onsdag 10. august 2011
På tur i Sognefjorden med Njord.
Frå fredag 5. august til søndag 7. august var eg så heldig å få vere med på Njord sin tredagerstur; "Fjord Explorer"
Vi starta i Flåm i grå- ver. Veret var svært varierande undervegs, noko som gjorde at det vart interessant fotolys.Fire franskmenn, to tyskarar og to amerikanarar var med på denne turen. Guiden, kokken, medisinmannen; Ervin i midten:
Det vart etterkvart ganske trolsk stemning fredagen:
Aurland til høgre:
Maten var fantastisk undervegs. God og variert, og med den beste utsikta i verda:
Her er vi på toppen av Beitelen. Utsikt innover Nærøyfjorden:
Alle kom seg opp på toppen. Ein flott gjeng!
Den siste natta overnatta vi før det smalaste partiet av fjorden.
Det kjem truleg ein meir utfyllande rapport, og fleire bilete i bladet; Padling etterkvart.
Dette er ein tur eg kan anbefale på det varmaste!

Ervin i sitt rette element:
Maten var fantastisk undervegs. God og variert, og med den beste utsikta i verda:
Laurdagen var det opp tidleg for å gå tur forbi Stigen, og opp til Beitelen:
Stigen gard:
Her er vi på toppen av Beitelen. Utsikt innover Nærøyfjorden:
Alle kom seg opp på toppen. Ein flott gjeng!
Den siste natta overnatta vi før det smalaste partiet av fjorden.
Morgonstemning:
Det kjem truleg ein meir utfyllande rapport, og fleire bilete i bladet; Padling etterkvart.
Dette er ein tur eg kan anbefale på det varmaste!
Abonner på:
Innlegg (Atom)