søndag 27. februar 2011

Teknikktrening

I dag var Tron Ivar og eg ute ein liten tur for å trene teknikk. Vi trente baugtak, sidevegs forflytning, static brace, sculle og rulle. Det har blitt for lite av slikt i vinter.
Det første bilete er beviset. Våren er i anmarsj.Tjelden er komen!
Her på veg ut mot haneskjæret.

Sculling med euroåre sat ikkje heilt som det skulle. Forflytta meg i setet. Må nok polstre meir.

Her ein serie med rullebilete.
Å rulle er vondt. Veldig vondt. (ser det ut til..)
 Her er det Tron Ivar som trenar:
Her ein rulle på godsida mi:


Tron Ivar rullar ein avocet:

Tron Ivar tek ein handrulle: (Åra i vatnet er berre til pynt. )

Etter nokre kalde månader, var det godt å kome på land med våte padlekle igjen. Sjølv om vatnet var kaldt i dag, gjekk det fint sidan det omtrent var vindstille.

3 kommentarer:

  1. Liker ikke trene rulle i kaldt vann, går men jeg trivs ikke. Sculling pleier å gå fint med god støtte for knærne som eneste forankring.
    Forsett med å legge ut video. Moro å se andres forsøk på film og teknikk.

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Rulling vinterstid går greitt når ein skvett vatn i fjeset først, og har ein god hette som held det kalde vatnet unna øyrene..

    Sculling går fint i dei to andre kajakkane mine, men denne (Cetusen) vil liksom ikkje heilt slå seg til ro på sida.

    SvarSlett