tirsdag 8. mars 2011

Kulingpadling med Goltziana Marlin!

I dag var det gode forhold for bølgjepadling. Med storm tidlegare på dagen , og med vinddreining på vest, vart det bra bølgjer inn mot Øyra.I dag brukte eg Goltzianaen og euroåre.

Her er tre videoar frå økta:

 


Her er det ei bølgje mot slutten som vippar meg rundt:


Her er litt motsjøpadling:


Inn mot stranda att:



Den store utfordringa i dag, var å få kajakken ned og oppatt på biltaket. Vinden tok kraftig tak i kajakk. Då eg var ute på sjøen måtte eg halde godt fast i åra, elles så fauk den avgarde. Etter rullen på første videoen fekk vinden skikkeleg tak i årebladet, og heldt på å få meg rundt att.

Eg må seie at eg saknar grønlandsåra i dag. Det er enorm forskjell på vindfanget til euro- og grønlandsåra.

Etter ei stund vart eg så kald på fingrane at eg avslutta. Med tre gradar i lufta, 17- 18 m/s og storm i kasta, vart det for kaldt å halde på lenge.

7 kommentarer:

  1. Nesten litt misunnelig her jeg sitter. Knall forhold her i dag også, men jeg hadde ikke tid(fekk heller ingen med meg). CA 2 meter bølger hos meg i 3-4 tida(sukk).
    PS. Prøv å montere kamera litt høyere over dekk. Gir et vesentlig løft på bildene.

    SvarSlett
  2. Det var bra forhold i dag, men viss vinden hadde stått frå vest heile dagen, hadde det vore høgare bølgjer her hos oss.. Så det vart ei økt med sterk vind og ikkje så høge bølgjer. Utfordrande, men ikkje så moro..
    Takk for tips om stativ. Har ikkje sett så mange teleskopstativ med sugekopp, men det går kanskje an å lage?

    SvarSlett
  3. Du kan fint bruke et vanlig stativ, sugekoppvarianten gir urolige bilder pga ustabil.
    Jeg bruker et billig stativ som jeg strepser fast til dekks riggingen. Gir fine bilder. Ser du på videoen min(padling slik jeg liker det- Link på siden i bloggen) vil du se hva jeg mener(vinkel forfra i litt sjø)

    SvarSlett
  4. Duct tape skal alltid vere i kamera bag'en!
    Ka kamera bruker du? Møtte en kar som pleier å hoppe utfor fjell og slikt, dei bruker Gopro. Ser ut som kajakk kamera.
    Mvh Lars

    SvarSlett
  5. Jeg bruker flere kamera, men det som passer best til litt allsidig film fra kajakk er Sony, HXR-MC1
    Gir fine bilder og har greit med justerings muligheter.
    Har hørt mange som lovpriser Gopro, så det kan sikkert være verdt å sjekke ut.

    SvarSlett
  6. Eg har eit Canon D10 som er festa med eit kort sugekoppstativ bak på kajakken.

    Er ikkje det eit problem med GoPro at det vert slik "Fish- eye" filming. Alle linjer vert bøygd?

    Tore: Flott video på bloggen din. Klippa var fint sett i saman.

    SvarSlett
  7. Jo, fisheye gir fortegning, men det er ikke sikkert du vil legge merke til det/plages av det til film fra kajakk. Det er helst et problem der du har mange rette linjer.
    Tror også Gopro har flere ulike modeller så sjekk. Benjamin Hjort filmer litt med Gopro, jekk ut hanpå nettet. Ser bra ut det han filmer.

    Takker for tilbakemelding på video.

    SvarSlett