lørdag 14. november 2020

Endeleg dykking igjen!

 

Idag vart det dykking i nærområdet, nærmare bestemt Olset. Det vart eigentleg ein testtur for kameraet og setedekket som eg har kjøpt frå Frivannsliv. Konklusjon om begge finn du nedst i bloggen.


Klar til å setje meg i bilen. Greitt å kle seg om heime..



Her er trekket som eg brukte i dag. Fordelen er openbar. Ein kan setje seg rett inn i bilen med drakta på, og køyre rett heim til varm dusj etter dykkinga.. 


Dykkeområdet i dag.




Rur og albogeskjel.



Sjønellik




















Litt fiskeyngel.





Konklusjon om Olympus Tough til dykkebruk: Den tek veldig mange gode bilete, sjølv om eg også måtte slette ein del uklare. Den stod på autoblitz og undervannsinnstilling, og då ville den stort sett bruke blitz på alt. Prøvde også å slå av blitz, men då vart resultatet stort sett mislukka. Det var litt uklart i dag, og lite lys. Handleddsstroppen manglar stramming, så kjem til å flytte over den eg hadde på Canon- kameraet. Små knappar! Altfor tuklete og finne rette knappar med hanskar på. Kunne vore større og meir definerte knappar. Elles godt fornøgd med kameraet.


Konklusjon om setetekket: Genialt!  Tenkte at siden den ikkje hadde lomme nede, kom det til å skli rundt på setet. Men på grunn av den gummierte undersida var det heilt stabilt. Og det samla opp vatn frå drakta! Setet var heilt tørt etterpå. Lett å ta på og av. Lett å skylje og henge opp. Ingen stader vatnet kan samle seg. Terskelen for å dykke om vinteren, har med eitt blitt mykje lågare! Hurra!







3 kommentarer: