søndag 5. mai 2019

Påsketur!


 I påska var eg så heldig å få meg ein padletur! Sygni og eg la ut om ettermiddagen, og turen gjekk rundt Flatøyna, innom gamlehuset på Sauesundsøyna, og gjennom Sauesundet og tilbake.



Her på Flatøyna er det fredningstid no, så vi prøvde å halde oss litt på avstand..







På Sauesundsøyna var det nokon som forelska seg i gammaldagse påskeliljar, og tok med seg nokre av desse. Kva er meir naturleg, enn å padle med påskeliljer i bakluka i påska! :-)



 Det vart etterkvart ein veldig fin kveld..




Gjenom Sauesundet..



På vegen heimover stilna det heilt..



Og månen titta opp. (Og månen er i same kategori som store bølgjer. Best å oppleve, alltid skuffa når ein sjekkar bileta etterpå...)



Ein kjekk og fin tur i godt selskap. Takk for turen, Sygni!

HER er Sygni sin vesjon av same turen..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar