søndag 11. juni 2017

Grunnkurs!

Helga 10. og 11. juni hadde eg grunnkurs for seks kjekke deltakarar.





Etter fordeling av utstyr og kajakkar, var det tørrtrening på å løyse av trekket ved velt.




Så var det ut på sjøen.


Dei ulike svingetaka og padletaka, vart introduserte utover i kurset.



Deltakarane i flåte:



Laurdagen var det så roleg og fint tidleg på dagen, at vi kunne ta ein tur rundt Prestøyna










Stig og Beate:



Maria og Marius:



Trening på sidevegs forflytning, sculling:



Vi avslutta laurdagen med eigenredning og kameratredning. Då hadde det blåse opp så pass, at det vart litt utfordringar å få det til. Greitt å trene i realistiske forhold.


Søndagen starta vi med ein tur inn til Straumsbrua.




Varierande ver på kurset, kan ein seie..







Marius trener baugtak






Annette:



Indiane:



Maria:






Etter nokre repetisjonsøktar diverse stader  rundt i Askvoll- bassenget, var det igjen klart for redningsøvingar.

Kameratredning:





















Og nokon klarte seg heilt utan kajakk! :-)



Cowboyredning:












To kjekke dagar med ein sporty gjeng! Klar for å utforske padlesporten på eiga hand :-)

Om du er interessert i grunnkurs, skal eg ha eit nytt helga 1. og 2. juli. Der er det framleis 4 ledige plassar. Meir info HER.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar