søndag 20. november 2016

Fridykkarkurs 19. og 20. november


Eg har lenge tenkt på å ta eit fridykkarkurs, og denne helga vart det endeleg sjanse for det!

Vi starta kurset laurdag morgon med ei teoriøkt. Instruktør for kurset var Birger H. Fatland, og kursstaden var Sunnfjord Folkehøgskule.


I teoridelen gjekk vi i gjennom ein god del nyttige ting å vite i forhold til trykk, pusteteknikk og til slutt litt om undervassjakt med harpun.

Slutten av teoriøkta vart brukt til å gå i gjennom utstyr som vert brukt i fridykkinga.


Laurdag ettermiddag var vi i bassenget i Førdehuset og gjekk i gjennom dei ulike framdriftssparka og redningsteknikkar. Då hadde vi alt utstyret i bruk, utanom hanskar og drakt.

Vi skulle også dykke ned på fire meters djupn. Sjølv om ikkje det er særleg djupt, kjende eg det godt i øyrene. Sjølv med å utlikne (presse luft ut i øyrene) kjende eg det godt i begge øyrene på det djupaste..


Søndagen var det " the real thing". Sjødykk med fullt utstyr. Her har eg kledd meg opp med drakt, maske og snorkel..


Her er Yngve klar for dykkinga. Då er også blybelte, hanskar og svømmefinnene på. I tillegg hadde vi sikkerheitsline og bøye, for å varsle båtar om at det foregår dykking i område.








Veldig mykje artig å sjå. Dessverre ikkje verdas beste kamera, men bileta gjer eit viss inntrykk over livet i sjøen..Slike manetar var det mykje av!




Å svømme oppned, var også ein ting vi trente på.




Vi skulle også øve på å dykke ned, ta av beltet, og gå oppatt. Det er viktig å øve på dette, i tilfelle det oppstår ein nødsituasjon, der vi må ta av beltet for å kome oss fort opp. Med så mykje oppdrift i drakta, er det heilt nødvendig å ha på blybelte for å kunne klare å dykke ned.

Etter at beltet var løsna brukte vi lina (som var festa i beltet) til å dra beltet opp. Då skulle vi også øve oss å ta det på att, i sjøen. Det var ikkje så lett, men gjekk greitt etter litt øving..


Nokre lodd sklei av beltet då vi skulle dra opp beltet. Her er Øyvind på veg ned for å hente lodda som hadde sklidd av.








Eigentleg finast med fargane der det ikkje er så djupt..



















Desse tre bileta er av meg, som prøver å svømme oppned..








Denne fann eg på berre ein meters djupne.




Her var staden vi var søndagen:


Og her er heile gjengen (- fotografen):


Utruleg kjekt kurs, hyggjelege folk og fantastisk område å dykke i. (Flokenes i Askvoll kommune)  Eg kan absolutt anbefale eit fridykkarkurs, og eg kan absolutt anbefale kurs med Birger (Sunnfjord folkehøgskule) som instruktør. Ein veldig grundig og flink instruktør, som guida oss gjennom alle teknikkane på ein flott måte.

Og dette gav veldig meirsmak. Må nok kjøpe utstyr og kome meg i sjøen igjen. :-)

Takk til Birger for super kursleiing, og dei andre deltakarane for to flotte dagar!

2 kommentarer:

  1. Tøft,, veit du år det skal vere kurs igjen

    SvarSlett
  2. Ta kontakt med Birger H. Fatland på Sunnfjord folkehøgskule.
    (Epost: birger(alfakrøll)sunnfjord.fhs.no)

    SvarSlett