onsdag 20. mai 2015

Utedag!

I dag fekk eg fri litt tidlegare på dagen og brukte høvet til å få meg ein lengre padletur.


Eg hadde eigentleg tenkt meg ein tur rundt Atløy, men det vart litt for "rusje" å padle vestover tidlegare i dag.


Det vart ein pause på rullesteinsstranda på Eimind.





Det vart også eit måltid her


Sjølv om Real Turmat ikkje er mat for feinschmeckere, så er det godt, og veeeldig lettvint..


Torskegryta får terningkast 5!


Etter mat høyrer det bra med ein strekk.


Det å ligge på rygg, sjå opp mot skyene og la tankene vandre, er undervurdert i dagens travle samfunn.. Alle bør ta seg tid til det.


Med sjølvlaga kjølstripe treng ein ikkje ta omsyn når ein skal på land.


Det vart litt småsurfar innover mot Follevåg.




Follevåg:






Her rundar eg innover mot Eidsfjorden:




Vørterøl er godt. Også på padletur!


Huset på Fisma:

Nesten inst i Eidsfjorden:



Litt kunst frå naturen:







 På tilbakevegen fekk eg selskap av ein selkoloni:







Fyret på Eimind på veg tilbake. No hadde det roa seg med vind og bølgjer.


Her ser det ut som at nokon har trena med mursteinsrulle...


Alt i alt ca 24 kilometer padling i dag. Kan seie meg fornøgd med det..



3 kommentarer:

  1. Herleg dag! :) Einig i både torskegryteterningkast og himmelmeditasjonsstrekk! :)

    SvarSlett
  2. Det der så da mistenkelig ut for å være Høidal på det ene bildet. :) Tøft. Flott turrapport, ser ut for å ha vært en herlig tur ja.

    SvarSlett
  3. Ja, det var ein fin tur denne gongen og. Men begynnar å bli klar for litt sommartemperaturar..

    SvarSlett