fredag 7. februar 2014

Panna Cotta ved Eimindfyret!

I ettermiddag stod valet mellom sofaen, eller padletur. Heldigvis vann padleturen!
(Sofaen har vunne mykje i det siste...)


 Ved gamlekaia var det mange måser. Kanskje på grunn av fiskebåten med sild som låg til kai?


Nye- åra var med i dag. Og FOR ei åre til turpadling!


I dag var det ei lita pause i den så stabile austa(dritt-) vinden som har vore den siste månaden. Denne kobben sniffa litt rundt, forstod det var noko muffins (eller Panna Cotta) på gong, og dukka ned..


Nærmar meg fyret!


Voila! Dessert- tid! ;-)


Panna Cotta frå Askvoll Sjømat & Delikatesser  SÅ GODT!


Kan ein betre ha det, ein fredagsettermiddag i starten av februar? Slik dessert, slik utsikt og slik ro i kropp og sjel...Trur ikkje det..


 Det vart også fangst i dag. Fender! Ikkje gitaren, men båtutstyret.. dessverre..


Så var det inn att til Askvoll. Flott tur og ein fin kveld!


5 kommentarer:

  1. Kjekke tur med noget godt attåt:))))

    SvarSlett
  2. Det så kjekt ut ja, for et herlig landskap også da gitt ;ø)

    SvarSlett
  3. Det var veldig greitt å sleppe austavinden som har vore ganske trufast i det siste. Det var faktisk litt vårleg i går! :-)

    SvarSlett
  4. Det såg härligt ut, fina bilder..

    SvarSlett