torsdag 30. januar 2014

Prøvetur med ny Aleut- åre!

Hei!    Kva er dette?    Pakke frå Vestfossen?


Jepp! Det vart ei Aleut- turåre på meg. Etter å ha prøvd ei tilsvarande frå Kajakkspesialisten A/S på Stokkøya i august, bestemde eg meg for å kjøpe ei slik.


Denne er 225 cm, dvs 5 cm lengre enn den vanlege grønlandsåra mi. Sidan denne stort sett skal brukast til turpadling, er greitt å ha den litt lengre. Fekk til og med namnet mitt trykt på! ;-)




Nylakkert som den er, prellar vassdropene greitt av.


Åra var fantastisk å bruke til rein turpadling. Den er lett, og har ein fin gange i vatnet. På ein måte styrar den av seg sjølv, når du dreg bakover. Dette gjer at du kan ha eit mykje lausare (meir behageleg) grep på åra.


Kald austavind i dag. Eg fann likevel nokre lune stader som var greitt å padle. Her; vatn i fast form:


Desse to (ein måse og ein skarv) kom eg heilt innpå i dag. Stor fordel med lydlaus forflytning på vinterstid..




Så klart som vatnet er no, blir det ikkje så gale undervassbilete heller:




Denne skarven lurte på om den skulle flytte seg, eller bli verande.




Slik ser sandbotn som har blitt eksponert for straum og bølgjer ut.


Elles veldig fornøgd med Aleut- åra! Den skal få vere med på mange turar i tida som kjem.

Lurar også litt på å kjøpe speilreflekskamera, men er litt i tvil om fuglane og dyra har tid til å vente til den rette linsa, den rette innstillinga og dei rette filtera har kome på? Trur eg held meg til kompaktkamera ei stund til.. :-)

2 kommentarer:

  1. Gratulerer med ny åre! Har enno padla litt lite med mi std. grønlandsåre, men sakna ho på måndagens vindfulle utflukt…….Ellers kan eg godt anbefale speilrefleks. Til bruk på land……og når turen ikkje er lang og du har lett sekk.

    SvarSlett
  2. Steike så stilig sjøstjerne! Eh, ja stilig åre også selvsagt. ;) Gratulerer med nyervervelsen. :D

    SvarSlett