søndag 22. desember 2013

Endeleg!

Etter ein travel førjulstid var det flott å kome seg ut på sjøen att! Og med ny Brooks Tuilik frå Kajakkspesialisten A/S, og med "nyekajakken" frå Zegul, vart det ein del rulling.




Ein ting eg merka meg med skifte frå Greenland T til Greenland LC, er at det vart mykje tørrare inni cockpiten etter rullene. LC- utgåva har jo ein mykje rundare form heile vegen rundt, og slepp difor inn mykje mindre vatn. Brooks Tuilik og Zegul Greenland LC er svært god kombinasjon!


Ein anna forskjell eg merkar meg, er at det er ganske mykje meir bal å kome seg oppi denne kajakken. På touringen kunne eg berre hive meg utpå med kajakkan mellom beina, og så stikke beina oppi etterpå. På LC-utgåva er ikkje dette mogleg. Då må kajakken liggje halvveges ut i vatnet, så må eg plassere rumpa på bakdekket og skli inn med begge føtene samtidig. Difor er det kanskje aktuelt med kjølstripe på denne etterkvart? Det vert jo ein del føling i fjæra...




Var litt spent på om stormrullene sat.. Det gjorde dei, sjølv om venstresida var litt rusten.


Så overraska eg meg sjølv. Tenkte eg skulle prøve reverse- sweep for moro skuld.


Sjølv om den ikkje er perfekt, er eg på veg til noko. Prøvde ein gong til med godt resultat. Denne skal øvast meir på framover!

Så vil eg til slutt ynskje alle lesarane mine, ei fantastisk flott julefeiring!

6 kommentarer:

  1. God Jul til deg også Odin. Så jo veldig bra ut den Reverse sweepen der :)

    Hilsen fra Senja
    Frode

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, og takk for tips tidlegare. Prøver å fokusere på å sjå ned mot botnen under avslutninga. Og då gjekk det betre! ;-)

      Slett
  2. God jul til deg og dine, kul den siste filmsnutten, du skulle bare latt deg forsvinne helt ut av bildet før du stoppet den ;ø)

    SvarSlett
  3. Gratulerer med ny tuiliq. Du er flink til å trene på disse rullene, jeg måtte ha klart å motivere meg like ofte...
    - Ønsker god jul til deg og dine. :D

    SvarSlett
  4. God jul Rolf og Mia! Håpar vi kan treffast i løpet av året som kjem!

    SvarSlett
  5. Fine ruller! Må prøve å få knekt koda på framoverrullene eg også... God jul, Odin!

    SvarSlett