søndag 29. desember 2013

Desember- tur

I dag var det noko så sjeldan som solgløtt her hos oss. Måtte berre ein tur utpå å nyte aukneblinken..


Turen i dag starta med ganske rolege forhold.


Innimellom heilt roleg...








Var ein liten tur på land på Flatøyna for å strekke beina.


Tørre strå kan jo vere fint..


På leit?




Inn att mot Øyra, gjekk det fort. Vinden hadde auka på til kuling. Moro!


På slutten av turen vart det ganske grått og ufyseleg. (Omtrent slik som vi har hatt det i heile desember)


Likevel ein kjekk og frisk tur. Då eg kom heim såg eg på facebook, at det hadde vore 4- 5 spekkhoggarar ved gamlekaia i Askvoll medan eg var ute. 

(Foto: Tore Dalland)


Og det verste av alt var at desse leika seg ca 100 meter rett nedanfor huset vårt. Snakk om å "gå over bekken etter spekkhoggarar" 

Kanskje neste gong?

5 kommentarer:

  1. Maks uflaks med Spekkhoggerane. Flott lys utover, og greit med medvins heim då ;)

    SvarSlett
  2. Ja,ein lyt vere snar å komme seg utpå menst det e ein gløtt...Igår frista det verkeleg med tur ,men etter ei "sjuk" jul så var ikkje forma god nok til den slags aktivteta . Flotte bilder frå turen din!

    SvarSlett
  3. Takk for kommentarar. Ja, det har verkeleg ikkje vore så kjekt padlever i det siste.. Kor vert det av dei stille, kalde dagane med sol? Vi vart jo bortskjemde med dei i fjor..

    SvarSlett
  4. Den kulingen var vel neppe verdt å gå glipp av spekkhoggerne… Men gøy er gøy! :)
    Godt nytt padleår!

    SvarSlett
  5. Takk for det, og like så, Padlemia! ;-)

    SvarSlett