onsdag 14. august 2013

Stokkøya 2013

Då var årets Stokkøya- samling over for denne gong. Fire fantastiske dagar med kurs, demonstrasjonar og konkurransar. På kveldstid var det også foredrag på Stokkøy Sjøsenter.

Kvar morgon under treffet, var det Yoga med Dubside. Veldig fin trening for stive og slitne padlarar..


Kva vi skulle jobbe med, vart i stor grad bestemt av deltakarane. Alt frå tradisjonelle grønlandsruller, til handruller. Vi vart delt inn i grupper etter nivå, og kva vi ville trene på.


Rullekongen; Dubside:


Samlinga går føre seg på ein idyllisk stad..


Dubside går i gjennom grønlandsrulle- programmet:


Stormrulle:


På treffet treng du ikkje å vere ekspert. Du får god hjelp, uansett kva nivå du er på. Anders Thygesen instruerar her:


Vakkert..


På denne samlinga, var det ikkje noko stress. Du får god tid mellom øktene til å trene, eller som her; slappe av i teltet..



Edd Bjørke har god kontroll på rullene!


Anders Thygesen i sin sjølvbygde rullekajakk:


På fredagen, var det byggjekonkurranse. Hordaland mot verda. Her Hordalandslaget under bygginga.


Dei tre kajakkane skulle til slutt padlast i ein stafett, og heilt til slutt; rullast.


Seinare den dagen, viste Dubside oss diverse tauøvingar som er med i det originale mesterskapet på Grønland:


Laurdagen var det klart for det uoffisielle NM i grønlandsruller:

Vinnaren på juniorsida, vart Helene T. Ryningen (33 poeng). Ho imponerte med elegante og kompliserte ruller!


På damesida, vart vinnaren Mildrid Flø. Ho enda til slutt på den imponerande poengsummen, 100 p.


På herresida vart vinnaren i år som i fjor, Torleif Holm, med heile 179 poeng.


Deltakarane i NM:


Eg hadde eigentleg tenkt å vere med, men når begge handrullene svikta i tillegg til shotgun og elbow- rulla, tenkte eg det var lurast å vente til neste år.. Det positive var at eg lærte stormrulla på desse dagane! :-)

Ein ting er i allle fall sikkert. Eg SKAL tilbake. Makan til triveleg samling skal du leite lenge etter. Lærerike dagar, kjekke folk og god stemning til langt ut på natta..


Tusen takk til Bernt, Torleif, Hilde og dei andre hyggjelege folka i Trondhjems kajakklubb!

Mildrid si forteljing frå denne samlinga, kan du lese HER. Bernt sin rapport HER:. Olea har laga ein flott video, som du kan sjå HER.

( Ein fyldig artikkel med fleire bilete, kjem i bladet Padling seinare..)

5 kommentarer:

  1. Eg var ein hårsbredd frå å dra i år, men familielogistikken kom i vegen. Men eg har allerede varsla om at t neste år skal eg!

    Flotte bilder!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Du kjem ikkje til å angre. Veldig kjekk samling! :-

      Slett
  2. Du store var virkelig han der å holdt kurs, fant siden hans for et par år siden og må si han har vært mitt padle forbilde siden. Ser dere har hatt en fantastisk helg.

    Flotte bilder iallefall!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takktakk.. Du bør absolutt vurdere Stokkøya til neste år, Jill. Supre dagar!

      Slett