onsdag 3. april 2013

Fotbrett til TM Greenland Touring

Har tenkt ei stund på å byte ut fotpedalane på Greenlanden med fotbrett. Sjølv om eg har hatt pedalane i fremste stilling, har det vorte for trangt for beina. Eg får heller ikkje den rette fotvinkelen med dei pedalane som er monterte originalt. Resultatet vert bein som somnar etter ei stund.


Det er ikkje gjennomgåande skruer på denne modellen, så det var nok å skru av fotskinnane frå innsida.




Etterpå skrudde eg på att muttrane, for å unngå at boltane gjer skade på tørrdrakta.




Eg fann nokre trekanta skumplast- klossar som hadde omtrent den vinkelen eg villle ha på fotblada. Så målte eg lengste breidde og lengde fotbrettet måtte ha.




Eg ville først lage ein mal av isopor. Det er dyrt å prøve å feile for mykje med minicell..

Som ein ser av biletet, er isoporplata omtrent like tjukk som minicellplata.


Eg laga ein mal etter måla eg hadde teke, og augemålet mitt. Prøvde å ikkje lage platen for liten i første omgang, men heller skjære av etterkvart. Det vart etter "prøve å feile- metoden". Ikkje så farleg når det er isopor..






 No vart det litt for romsleg, så eg måtte skifte ut trekantklossene med nokre som var litt større.


Eg limte desse to saman med Tech 7.


For at denne klossen ikkje skulle vandre for mykje frå side til side, sette eg også inn skumklosser på sidene.


Då eg var fornøgd med passforma på plata og då eg kjende eg sat godt, skar eg ut plata i minicell.



Etter litt småjusteringar, passa den ganske greitt inni kajakken.


Eg syns at fotfestet no var litt for fleksibelt (kanskje spesielt ved trakk ved rulling?), så eg ville avslutte med ei hardare plate. Då brukte eg King Starboard.. Denne plastplata er ganske dyr, men eg hadde ein rest liggande. Denne kan sagast med vanleg handsag og er difor lett å jobbe med.


Så måtte eg prøve og feile meir. Eg brukte saga, slik at den passa ganske bra. Sidan TM Greenland er ein "sart blome" er det viktig at denne plastplata ikkje er for stor. Då kan du presse ut skroget ved eit skikkeleg fottrykk.


Eg limte plastplata fast til minicellen med Tech 7.


Her er det ferdige resultatet. Det var ikkje noko mål å få det heilt tett rundt. Uansett er det vanskeleg å unngå at vatn kjem inn, og då er det like greitt at det er god drenering rundt.


Viss eg ville hatt det heilt tett, kunne eg ha brukt tetninsstoff på sidene. Men det er uansett for tidleg å montere noko permanent. No skal eg ut å prøve den ved rulling. Då er det lett å få ut att plata, og justere tjukkelesen på klossene inst. Når eg endeleg finn den rette innstillinga, kan eg eventuelt feste alt med nokre punkt med kvit Tech 7.

  • Problem som kan oppstå er at klossene inst vil gå i oppløysing. Då kan eg kanskje erstatte dei med minicell. Men dette gjer eg ikkje før eg veit sikkert kor store dei skal vere. 
  • Kanskje blir plastplata for glatt? Eit par stripar med Tech 7 vil kanskje gjere nytten? (som har utruleg god heft. Har hatt slikt på fingane i vekevis..) 
  • Moglegheiten for å strekke ut beina forsvinn med plateløysinga. Men det har vore så trangt inni der, at noko beinstrekk nesten har vore umogleg uansett.

2 kommentarer:

  1. Handy!! Kjekt du skriv om fikse og ordne saker, da blir d ikkje så skummelt for oss andre om vi ekk lyst t å prøve å modifisere eit eller anna. Flytte ein skottvegg feks......

    SvarSlett
  2. Glatt fotplate - en stripe antisklitape til trappetrinn eller helst båt løser det problemet.

    SvarSlett