søndag 13. januar 2013

Flott vintertur!

I dag kom eg meg opp i 9- tida. Ikkje alltid så freistande å forlate den varme dyna for å padle i 6 minus. Men når ein veit kva som ventar, i tillegg til den fantastiske kjensla etterpå, er det eigentleg ikkje noko tvil.


Sauesundet.






Ein serie med skarv på sjømerke.






Her meinte han at nok var nok. Eg hadde fått bileta mine..


Denne oteren heldt på med fukosten.


Sola skin på fjella.


Båt på veg sørover.


Til slutt dukka sola opp.


Litt geologi.


Inn att til land.


Eg brukte Ursuk- hanskane på heile turen i dag. Litt småkaldt på fingertuppane, men overraskande gode i mange kuldegrader. Og like godt grep på euroåra som på grønlandsåra. Muffar er nok best når det er kaldt, men hanskane er nok betre om ein hamnar i sjøen..

5 kommentarer:

  1. Såg berre heilt toppers ut :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det var det! Litt kaldt, men det gjekk greitt så lenge ein padla.

      Slett
  2. Flotte bilder!! Imponert ove han som vann over behovet for søvn. Eg hadde store planar om å stå opp tidleg både i går og i dag for å feste soloppgangen t linsa, men måtte gje tapt. Noko eg sjølvsagt angrar på no når eg ser dei flotte bilda dine......

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe.. Ja, det er brutalt å stå opp tidleg i helga, men dagen blir betre om ein klarar det.:-)

      Slett
  3. Ei varm dyne i forhold til 6 minus tidlig en morgen....ja sannelig hadde du lyst ut på tur:)) Men som du sier..den fantastiske følelsen etterpå er mer en god:))

    Flotte turbilder:))

    SvarSlett