torsdag 14. juli 2011

Atløy rundt igjen!

Tron Ivar og eg bestemte oss tidlegare i sommar, å få til ein tur rundt Atløy med overnatting i telt. Onsdag 13 juli kom vi oss avgårde klokka 21.00, for den første etappen:

Eg hadde Exploreren som var rimeleg fullasta. Den var ein fryd å padle med last!

Tron Ivar prøvde Atlanticen. Her testar han kanteeigenskapane:

Etter mykje prat og diverse trening, var klokka blitt så mykje at vi måtte tenkje på å finne oss ein teltstad. Her er vi på veg ut mot Heggøyna. Solnedgongen var som den alltid er her; fantastisk!

Kinnaklovi til høgre:

Vi padla under ei bru mellom Vaulen og Heggøyna. No var det blitt stille og mørkare.


Vi fann til slutt ein bra leirstad på Vaulen. Klokka vart halv tre før vi kom oss i soveposane. Vi likar å prate..

Neste morgon var det kaffikoking og frukost. Her er Tron Ivar i gong med omelett og bacon. Herleg start på dagen!

Så var det i gong att med padlinga. Her er vi på veg frå Vaulen og mot Tviberg og Alden.

På denne turen øvde vi på å bruke kart og kompass, og ta ut kursar.

Her har vi runda Herland og er på veg innover mot Askvoll. Men denne distansen er treig og verkar laaang..

Den norske hesten (Alden):

Brurastakken:

Heldigvis var det litt bølgjer innover her. Det gjekk til og med an å få surf på nokre av dei. Vi byta også kajakk det siste stykket. Tron Ivar fekk prøve Exploreren:

Etter ei kort pause på Sauesundsøyna, padla vi til gamlekaia i Askvoll der vi starta og enda turen vår. Det siste stykket var nok det livligaste. Her var det mange småbåtar, ferjer og bølgjer på opp mot ein meter. God trening!

Og begge var einige om at det hadde vore ein flott tur, både Tron Ivar:

og eg:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar