søndag 12. juni 2011

Første prøvetur med North Shore Atlantic

I kveld var eg ein tur ute for å prøve North Shore Atlantic. Dette er ein kajakk eg har fått låne av Yst Ute i ein månad. Eg skal skrive ein test av denne til bladet Padling.. Eg skal prøve å få testa den i dei fleste situasjonar ein havkajakk kan kome ut for: langturar, dagsturar, bølgjeleik, redningar og diverse teknikkøvingar.


I dag vart det berre ein kort tur rundt Flatøyna. Litt rulling vart det også tid til.


Her er ein av dei mange seglbåtane som går med motor OG segl..

Her ei lita pause på Flatøyna.



Dagens politiske kommentar:


På bilete over har det vore snauhogst for å få fuglar til å byggje reir. Det er ein av dei MANGE fuglereservata rundt her. Er det ein stad det er heilt sikkert at det ikkje finns fugl, så er det her..

Tjeld, måsar, ender og gjess spankulerar i sentrum der det er bilar og folk. Ein av dei plassane det er mest måser i nærområda er i barnehagen. Det har til og med hendt at dei har lagd egg i beda i barnehagen! Fugl og folk har levd saman i mange hundre år. Likevel meiner byråkratar at det er fornuftig å frede omtrent alle øyane rundt. Dvs minst 50 meter i frå øyane. Eg har ingenting imot å ta vare på fuglane. Men dette meiner eg vi kan klare ved å ta hensyn og å utøve sporlaus ferdsel. Eg meiner at reservata må revurderast når ein ser at verknaden ikkje vert slik en ynskjer.

Oversikt over reservata i Askvoll:

Det er mykje sprenglærd toskeskap og folkeleg visdom i verda!
Eg vil avslutte med eit dikt som omhandlar litt  av dette:

Når det kjem til stykket

År ut og år inn har du site bøygd yver bøkene,
du har samla deg meir kunnskap
enn du treng til ni liv.
Når det kjem til stykket, er det
so lite som skal til, og det vesle
har hjarta alltid visst.
I Egypt hadde guden for lærdom
hovud som ei ape.

(Olav H. Hauge)

3 kommentarer:

  1. Det er mykje sprenglærd toskeskap og folkeleg visdom i verda!

    So true!

    Looks like a solid boat. Look forward to reading the review.

    SvarSlett
  2. Ser frem til å lese kajakktesten din.
    Ja du har helt rett i at det er blitt for lett å frede områder fremfor å lære opp folk til å ferdes med forsiktighet ute i naturen.
    Å fredes sporlaust er en kunst som må læres.

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett