mandag 16. mai 2011

Tur rundt Raudøyna

I dag vart det tid til ein tur rundt Raudøyna utanfor Høyvik.

Goltziana Marlin. Ein av dei mest undervurderte kajakkane på marknaden.

Turen starta frå gamlekaia og gjennom Granesundet. Ganske rolege forhold heile vegen. 

Litt bølgjer frå vest då eg kom ut i open sjø.

Artige skyer..

Eg såg ein del havørn og oter. Men bileta vart så som så.. Her ein havørn i flukt!


Matpausen tok eg ved fyret Ysteneset. Veldig flott stad!

Noko frå krigen eller feste til eit gammalt sjømerke?

På øya møtte eg desse to. Dei kom springande mot meg då eg steig i land. Lurte litt på om dei likte menneske, eller ikkje.. Dei viste seg å vere av den nyfikne, innpåslitne sorten. Nista mi fekk eg ikkje ha i fred..

Eit litt rart geologisk fenomen. Må spørje ein geolog om dette. Sjeldan å sjå svarte intrusjonar med kvartsinnslag..

Fint å sjå at det er liv i sjøen også!


Alt i alt var dette ein kosetur som gjer godt for sjela.. Fire timar på vatnet med god trening og variert natur!

6 kommentarer:

  1. Flotte bilder og sikkert ein flott tur ja. Lykta på Ysteneset vart skifta i vinter, og fundamenta på bildet ovanfor er truleg der den gamle lykta stod. Slik såg den ut : https://picasaweb.google.com/kjellay/PadleturSNdag22November2009#5407823376362581778

    SvarSlett
  2. Sjå der ja! Der var det mysteriet løst. Ser at det nye fyret har solceller. Lurar på om det gamle hadde det.

    Elles syns eg at området: Smellveret- Heggøyna- Avløyp er utruleg flott!

    SvarSlett
  3. Fine bilder. :) Hva heter den rosa blomsten du har tatt bilde av?

    SvarSlett
  4. Flotte natur og dyrebilder!
    Strandnellik heter den, What?

    SvarSlett
  5. Jepp! Det er nok strandnellik:

    http://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Armeria_maritima_no.JPG

    SvarSlett
  6. Hej!

    Mycket fina bilder och ni verkar ha haft en riktigt fin tur.

    Peter

    SvarSlett