lørdag 9. april 2011

Vårtur med NDK Romany

På grunn av diverse omstende, har eg fått låne ein romany i nokre veker. I dag gjekk turen utpå for å prøve den. Det første eg merka med ein gong, var at fotstøttene var umogleg å bruke for meg. Føtene gjekk nesten heilt i skottveggen. Dessverre så passa ikkje skottet så godt heller, så ein plate hadde vore greitt å fått plassert inni.

Romanyen ved Flatøyna:
Elles vart eg og romanyen svært gode vener. Det var ein svært takknemmeleg kajakk å trene teknikk med. Kanting og styretak var det ein rask respons på. Farten skal ikkje vere så bra på denne, men eg syns ikkje den var så gale heller. I dag var det nesten blankt hav. Denne kajakken likar seg vel best i litt bølgjer.

Little Dipper!
På turen brukte eg også ei åre eg ikkje har prøvd før; Little Dipper. Åra viste seg å vere eit fint kompromiss mellom euro- og grønlandsåre. Den var 215 cm. Litt kort som turåre for meg. Ville nok hatt den i 220 cm. Likte den elles veldig godt!

På turen traff eg på mange dyr og fuglar. Her er det ein oter som har skaffa seg eit festmåltid:


Ein fjærplytt ville vise meg heimen sin. Han hadde rydda til helga:

Og to kanadagjess hadde funne ein stad dei gjerne ville ha for seg sjølv.

No er det berre 6 dagar til ferdselsforbudet tek til å gjelde. Så det blir nok mindre bilete av dyr og fuglar i framtida..

Prøvde også nokre rullar, sculling og static brace med romanyen. Fantastisk kajakk til dette. Sjølv med dårleg fotfeste gjekk begge deler ganske greitt. Det er vel som leikebåt at romanyen har sine sterke sider.

Var ganske sikker på at det var ein Explorer eg ville ha, men no er eg ikkje så sikker lenger..


Elles var det fint å merke at våren er på veg; glinsande sjø, lyder frå tjeld og mildare luft. Det er noko i emning..
"Men når vårsol i bakkane blenkte fekk han hug til si heimlege strand."

6 kommentarer:

  1. Hmm... kjenner det klør i padlemusklane her... Sit med ei skriftlig oppgåve, som har deadline komande veke, så eg er redd det ikkje blir padling på meg denne helga. Abstinensane er ganske plagsomme... :-)

    SvarSlett
  2. Det var flott utpå i dag! Og koseleg med ei roleg tur etter forrige helg..

    SvarSlett
  3. Såg bra nøgde ut den otere!
    Men korleis he det sej at tateren has Eldar he havne ned med dej?
    Osso med den nyinnkjøpte Little Richard åra med då!

    SvarSlett
  4. Stikkord er: Vidaregåande kurs, bilhavari, bilbyte, plassmangel på biltak, reprasjon, Beitostølen. Så slik gjekk det til at tateren hamna her! :-) Jan Y. tek den med oppatt etter Vårsleppet, trur eg?

    SvarSlett
  5. JA det ER VÅR! Fine bilde og kjekt å lese. Spennande å sjå kva som vert den nye utvalde etterkvart. Innrømmer at det vert betre oterbilde når somme ikkje er med på tur ja...;o)

    SvarSlett
  6. Takk for det "Lene Oterskremmar"! :-)

    SvarSlett