søndag 14. november 2010

Smellværet i november

Søndag 14. november var Roy- Ove, Kjell og eg ein tur ut til Smellværet. Det var nesten vindstille, men ute ved Smellværet er det alltid bølgjer som bryt, uansett vind.. 
På denne turen brukte eg TM Greenland T- kajakken. Den viste seg å vere kjapp og lett å manøvrere, men ikkje akkurat noko brottpadlingsbåt. Litt for ustabil og litt for lite volum for den slags. Hadde også med den nye reserveåra som eg har kjøpt hos Thygesen. Ei stormåre på 190 cm. Fekk ikkje prøvd den i dag.

Her på veg utover:

Kjell med sin Aquanaut LV:

Området har mange undersjøiske skjær som gjer at bølgjene kan byggje seg opp mange stader. Og det er ikkje alltid så lett å forutseie kvar, og kortid dei kjem.

Ut frå Kråka, der vi hadde hatt matpause.

Roy Ove var den som var mest ivrig til å leike i dag. Han fekk difor bada seg eit par gonger.


Kvar er han no?  Har kong Neptun teke han?

Nei.. Der var han visst!
Etter denne "handsaminga" av havet, mista Roy- Ove framluka si. Vi trur den sank. Vi fann den i alle fall ikkje att. Dermed bar det til lands for å tette holet.


Eg hadde med eit sitjeunderlag som vi forma til, og vi hadde på sølvtape rundt, og over holet. Eit nydeleg stykkje arbeid vart det til slutt.. ;-)

På veg innover hadde det klarna i vest, slik at lyset var begynt å bli bra for fotografering.

Her er eg med TMGT- en min.

Vi såg også mykje ørn, skarv og sel. Prøvde å ta bilete, men dessverre ingen vellukka. Trur eg må skaffe meg eit ultrazoom- kamera snart... Og det er jo snart jul.. ;-)

Kjell sin rapport frå turen finn de her.

4 kommentarer:

  1. Flotte bølger! Burde padla meir under slike forhold sjølv, men er enig i at Greenland ikkje er den heilt ideelle båten. Er på jakt etter ein kajakk nummer to, og det må bli ein som tåler litt juling :-)

    Har vore temmelig kaldt her dei siste vekene, men vi var ikkje førebudd på at isen var såpass tjukk når vi la turen til Kjeldsund i dag. Er vel ein kombinasjon av klart, stille vêr, rolig sjø og temperturar ned mot 6-7 blå som har gjort det slik. Artig og eksotisk å padle gjennom is, men neste tur bør bli på eit hav med litt meir bevegelse :-)

    SvarSlett
  2. Flott turrapport med fine bilder, Odin! Blir fristet til utaskjærspadling. Fikk bekreftet min skepsis mot gummiluker. En på turen vår i dag padlet nesten halve turen uten å ha satt luken på - den lå å vaket i skottet;)Under pausen i dag var jeg glad for turfrakken:). Padlehilsen Kjell

    SvarSlett
  3. Fint inlägg, härliga vågor! Har följt din blogg lite ibland!

    SvarSlett
  4. Helt rått særlig det ene bildet der!!!

    SvarSlett