onsdag 5. mai 2010

Prøvetur med TM Greenland T

Fekk ein liten tur med TM Greenland i dag. Dette er ein kajakk som klubben vår truleg skal kjøpe. Første gong eg prøvde den var ute på Vårsleppet i Bulandet. Men då var det så mange andre ting å tenkje på, at eg ikkje fekk nyte det skikkeleg . :-)

           At det er ein vakker kajakk, kan ingen kome i frå..

Det første eg merka var at den har nok ein våtare gange i sjøen enn det eg er van med. Med bølgjehøgd på 20- 30 cm vart det ein del skvetting på dekket og i ansiktet. Fordelen med ein kajakk med så lite volum er jo at den skjærer seg gjennom bølgjene på ein heilt anna måte enn både Cetusen og Marlinen. Så eg kan godt tenkje meg at dette er ein artig båt i litt større sjø. Så lengje ein likar mykje sjø på framdekket, vel og merke.

Ein ting som er veldig bra med denne kajakken er farten. Med litt aksellerasjon på åra, er ein raskt oppe i god fart. Kanteeigenskapane er også svært gode, så lengje ein kantar nok. Er ein modig, ser ein stor reaksjon på svinginga.

Ved ein stad på turen, fekk eg små dønningar frå sida. Då merka eg den store forskjellen på knekkspant og rundare skrog. Den var med på alle rørslene til bølgjene. Opp og ned. Slike småruske- bølgjer er ikkje noko Cetusen bryr seg med. Den fortsett rett fram som eit krigsskip.. Greenlanden var mykje meir levande. Eit problem var å få den til å svingje bort frå dønningane. Den ville parallellt med bølgjene, og helst mot dei.. Då eg fekk den rett frå bølgjene, var den interessert i å surfe, sjølv på små dønningar.
Må også berømme Tahe for arbeidet med å heve kvaliteten på produkta sine. Alt på denne kajakken er forseggjort. Der støpen var dårleg før (rundt cockpit) har dei fått meir glasfiber på. Skikkelege lukar, tau og strikk har også desse nye modellane fått. Prisen å betale er at vekta har gått opp noko.

For meg er det fortsatt litt uvant å sitje med beina rett fram så lengje om gongen. Kajakkar med lågt volum har jo "bakdelen" at beina er meir eller mindre rett fram, utan bøy i knea. Resultatet for meg, blir at beina somnar. Men så er eg stiv som ein stokk også. Rekk ikkje ned til golvet når eg står, og klarar ikkje å leggje hovudet skikkeleg framover på framdekket, som er ein føresetnad for å klare stormrulla.

Så ein videosekvens der eg øvar meg på handrulla. Her brukar eg åra som hjelpemiddel. Den ligg i vatnet. Med litt øving, skal det nok gå bra med handrulla i denne kajakken. Static brace og er ingen sak i denne.

                                                  Video med TM Greenland T

På øya eg tok pause, var våren kome:




1 kommentar:

  1. Tahe Marin Greenland er en hærlig kajakk.
    Har testa min i alt fra vindstille til liten kuling. Dette kan du lese om på forumet under
    tråden anmeldelser.
    Flotte bilder.
    mvh. lars

    SvarSlett