torsdag 20. mai 2010

Far og son- tur.

I kveld var Oskar og eg på ein liten kveldstur. Han hadde Raven- kajakken og eg hadde Greenlanderen. Det vart ikkje så langt i dag heller, men dette er heller ikkje noko mål når ein har med ungar på padletur.






Vart litt rulleøving på meg og litt manøvrering- oppfrisking på Oskar. Første tur for han i år.
Og faktisk: Etter nokre dagar med sol, kan ein kjenne at temperaturen i sjøen har begynt å kome seg. :-)



Vesten han hadde på seg i dag, var litt for stor til han. Så han blei sitjande litt med vesten oppunder øyra.



Etter turen. Litt forskjell i lengd på desse to kajakkane, kan ein kanskje seie?



 
Rulle med greenlanden frå turen  HER


3 kommentarer:

  1. Flott å se at barna viser interesse og er med på tur. Perfekt med korte turer og mye pauser til å begynne med. Selv gleder jeg meg til min datter skal være med. Har kjøpt ny (brukt) kajakk til henne i år.
    For min del er disse turene kanskje de beste gjennom sesongen.
    Det gjør jo ikke noe at far får vist seg frem litt heller he he...

    SvarSlett
  2. Neida, det er ein bonus det! ;-)
    Det blir ofte slik for meg og når eg er ute, at kilometer betyr lite. Etter ei lita oppvarming, er det trening på rulle/sculle og slike ting som gjeld. Oskar hadde veldig lyst til å lære seg sidevegs forflytning i går, men eg syns det er for kaldt i vatnet endå. Lett for å tippe over når ein trenar på slikt.

    SvarSlett
  3. Kjekt å sjå at det er fleire som tek med ungane på padletur. Er litt misunnelig på den Raven-kajakken. Ser ut som ein flott båt. Junior her i huset må inntil vidare slite med ein Perception Scout, som vi vel og merke har utstyrt med ror, så den fungerer relativt greit. Vi venter med spenning på Arrow sin nye barnekajakk som skal kome på markedet neste år. Spørs om det ikkje blir ny skute på den håpefulle då :-)

    SvarSlett