torsdag 15. april 2010

Kald apriltur.

I dag vart det ein liten tur rundt Prestøya. Det var kald, sur vind i dag. Prøvde eit par rullar i dag også, og det var friskt..

Turen i dag var mest for å bli vant med euroåra igjen. Etter eit par månader med kun grønlandsåre, var det skikkeleg uvant med euroåre igjen. Det var nesten som første gong eg prøvde grønlandsåra. Årebladet skar avgarde og eg hadde problem med å orientere meg kvar blada i sjøen var. Men etter eit par timar fann vi ut av det igjen..
I tillegg fekk eg testa det nye kameraet mitt, eit Canon Powershot D10. Sidan dette er vasstett ned til 10 meter, kan ein ha mykje moro med det! Fint å ha eit kamera som toler litt også.


Det vart ein lita (ulovleg) pause på meg i dag. Øya på bilete under er fuglereservat, slik som 99.5 % av alle dei andre øyane her ute, og fredningstida startar i dag (15. april). Så eg er nok ikkje betre enn andre kriminelle. Fredningshysteriet har gått for vidt, etter mi meining. Her ute på kysten har fugl og folk levd saman side om side i mange år og har hatt gjensidig nytte av kvarandres eksistens.

Etter omtrent alle øyane her vart freda, har fuglebestanden gått ned og det er lite fugl å sjå. Ein ting er å trampe på reir og å jage fugleungar, men å ta seg ein kaffikopp i ein vik, meiner eg må vere heilt ok. Dessutan; viss vi som padlar skal ta 50- metersgrensa alvorleg, er det knapt mogleg å kome seg ut på sjøen frå land.


Utsikt mot Grytøyra:
Her har vore fugl, i alle fall:

2 kommentarer:

  1. Ser ut til at du har fått deg eit godt kamera, gode bilder både over og under vassflata.
    Einig med deg når det gjeld fredingshysteriet, eg trur heller ikkje at fuglelivet tek skade av at det er folk i nærleiken, heller tvert om ja..

    SvarSlett
  2. Ja, kameraet er godt det. Det er så lyssterkt at kvaliteten blir veldig bra under vatn.

    Når det gjeld fredningspolitikken, blir det jo litt ekstremt når det kun er Møkalasset og nordaustenden av Prestøya vi har lov å gå i land..

    SvarSlett