søndag 24. juni 2018

Introkurs med SGC

Laurdag 23. juni heldt eg eit introkurs i padling for Sunnfjord Geo Center.

Når 9 stk skal ha padleutstyr, tek det litt tid. Først litt tørrtrening med trekket, på land.



Så var det utpå..



Turen gjekk innover mot Straumen.



Innover her er det litt av kvart å sjå, og greie forhold for nybegynnarar.


Gjengen samla. 






Så tilbake til Øyra, der det vart redningsøvingar, før avslutning.


Kjekt kurs, med ei kjekk gjeng :-)

torsdag 14. juni 2018

Introkurs i buldring


Tysdag 12. juni var eg med på introkurs i buldring i Buldrehallen i Ålesund. 

Buldring er klatring i låge høgder, utan sikring med tau.

Etter ei informasjonsøkt, starta vi sjølve klatringa. Vi lærte om ulike teknikkar og fallteknikkar. Eg hadde trudd eg skulle dette ned mykje meir enn eg gjorde, men viss ein kjem seg opp så kjem ein seg også ned att..

Vi starta i den vertikale veggen først. Her var det løyper i ulike vanskegradar opp mot ca 4 meter. Men stort sett så var desse lettare, enn på dei ikkj- vertikale løypene på bileta under.







Eg syns buldring var kjempemoro. Det er kanskje den kjekkaste forma for styrketrening eg har prøvd. (Å løfte støypejern på treningsstudio, er jo ikkje særleg kjekt..)



Dei to øvste (raude) var neste umogleg å få tak i (for meg, vel og merke....)



Dette er ein individuell sport, der ein kan utvikle seg i eige nivå og tempo. Sjølv om det er lett å samanlikne seg med andre, er det eigen framgong frå gong til gong som målet.







Eg kom meg inn att til veggen, men ikkje vidare opp.







Det er ein sport som krev lite utstyr. Ein treng eigentleg berre treningskle, klatresko (dei fleste buldrehallar leiger ut) og kalk, så kan ein setje i gong. Å sjå på andre som klatrar, er også lærerikt. Og det kan vere sosialt også, dersom du finn nokon å diskutere løypeval med.

Absolutt ein sport som gav meirsmak :-)

søndag 6. mai 2018

Kveldstur i nærområdet

 I kveld vart det ei lita padletur her i nærområdet. Turen gjekk frå Hestholmen,til Tovågen (der eg plukka opp Mildrid) og så vidare rundt Kvitøya.



 Euroåre i kveld, fordi eg må bli ven med den til kurssessongen startar opp...



 Her i Tovågen fekk eg selskap vidare..



 Mildrid viste fram fine øyar og sund her på denne sida. Nytt padleterreng for meg, og veldig fint og idyllisk..









 Trolsk stemning med låge skyar.














Dei fire neste bileta er (sjølvsagt) tekne av Midrid ;-)









 Så retur under Dragsundbrua...



.... og tilbake til Kjeldsund


Godt for sjel og kropp!

fredag 4. mai 2018

To i Tovågen


I dag fekk eg endeleg fridykke igjen, med denne blide dama:





To glade som gler seg..... (Foto: Mildrid Flø)


Tovågen var ein fin stad å dykke. Men det var ein del algar i sjøen. Så neste gong får vi prøve å kome oss lengre ut i havet.





Undervass-alge-selfie ;-)

 




 Det vart nokre få dykk ned for å plukke litt.. Her kråkebolle



 Kokkelur



Haneskjell


"Korstroll" 




Mildrid hadde litt lite bly på beltet sitt, så ho sleit litt med å kome ned i dag..







Vi fann denne også.. Ein optimistjolle? Eller kanskje no "pessimist- jolle"?






Sjøpølse

 




Desse var SVÆRE.








Veldig kjekt å dykke igjen!

Og supert selskap :-)