fredag 27. mai 2011

Kveldstur med Oddvinn

I kveld fekk vi oss ein padletur, akkurat slik ein padletur skal vere. Dvs 4-5 km, med mange teknikkøkter undervegs. Det vart også kajakkbyte etterkvart. Første etappe var over til Sauesundsøyna, der vi hadde kakaopause og tømming av kajakkane.

Oddvinn med sin stoltheit:

Eg med min:


Her på veg nordover rundt Sauesundsøyna:


Her inne i sjølve Sauesundet. Her var det eit yrande folkeliv for nokre hundreår sidan. No sommarbustadar:

Oddvinn med Marlinen.

Eg prøver Romanyen. Sculling utan å bli våt på hua:

Her ein rullevideo med Oddvinn:



Her ein "static brace" med meg:



Og no høyrer eg rykte om nye NDK Explorer- kajakkar i Bergen.. Fakarten og..

mandag 16. mai 2011

Tur rundt Raudøyna

I dag vart det tid til ein tur rundt Raudøyna utanfor Høyvik.

Goltziana Marlin. Ein av dei mest undervurderte kajakkane på marknaden.

Turen starta frå gamlekaia og gjennom Granesundet. Ganske rolege forhold heile vegen. 

Litt bølgjer frå vest då eg kom ut i open sjø.

Artige skyer..

Eg såg ein del havørn og oter. Men bileta vart så som så.. Her ein havørn i flukt!


Matpausen tok eg ved fyret Ysteneset. Veldig flott stad!

Noko frå krigen eller feste til eit gammalt sjømerke?

På øya møtte eg desse to. Dei kom springande mot meg då eg steig i land. Lurte litt på om dei likte menneske, eller ikkje.. Dei viste seg å vere av den nyfikne, innpåslitne sorten. Nista mi fekk eg ikkje ha i fred..

Eit litt rart geologisk fenomen. Må spørje ein geolog om dette. Sjeldan å sjå svarte intrusjonar med kvartsinnslag..

Fint å sjå at det er liv i sjøen også!


Alt i alt var dette ein kosetur som gjer godt for sjela.. Fire timar på vatnet med god trening og variert natur!

søndag 8. mai 2011

På telttur med dei to eldste

Laurdag vart det bestemt at dei to eldste sønene mine,ein kamerat av eldstemann og eg, skulle på overnattingstur i kajakk. Turen gjekk til Sauesundsøyna der vi fann ei flott overnattingsstad. Vi brukte to doble kajakkar på turen. Litt på grunn av sikkerheit, og litt fordi det er meir sosialt!

Her på veg inn mot teltplassen:

Ein romsleg og flott leirplass!

 Her er det seljefløyte- laging på gong:

Pølegrilling er obligatorisk på gutetur. Noko stort bål vart det ikkje, på grunn av skogbrannfaren..

Vi var tidleg oppe neste dag. Trur klokka var 6.30.

Til frukost testa eg den nye gassbrennaren. Med sjølvlaga vindskjerm opplevde vi at justeringsskruen og området rundt brennaren tok fyr! Det begynte til og med å lekke gass ut frå sidene. Difor vart den demontert og sett ut av bruk rimeleg kjapt.. (Huff og huff...)

Veret var mildt og fint laurdagskvelden, men søndagen tok vinden seg opp.Difor vart det litt sleping inn att til Askvoll. Tungt å slepe ein dobbel, MED ein dobbel! Mykje vindfang!

Vi var tilbake på Øyra i ti- tida. Fornøgde, trøytte, skitne og klare for sivilisasjonen att.