lørdag 24. mars 2012

Morgontur med Marlinen

I dag var eg på sjøen før åtte. Då hadde sola allereie vore oppe ei stund. I dag brukte eg Goltzianaen på tur. Lenge sidan sist. Ikkje så veldig rask, men veldig lett å manøvrere og leiken til tusen!


På Øyra dreiv denne oteren på og skaffe seg frukost. Det såg ut som at det var ein smal sak for han. Han kom opp med den eine småfisken etter den andre.


Fekk også teke eit porttrett av han:


Her er eg komen ut på Flatøyna. Lovleg område ein knapp månad til. Eg såg mykje tjeld i dag..


Ferja frå Værlandet:


I dag var det skikkeleg påskestemning utpå. Sola varma slik at det gjekk an å gjere slik:




Vatnet er klart enno:


Inn att mot Askvoll, etter ein flott morgontur!


Ingen rulling i dag. Iskaldt i vatnet, og småsjuk kropp..

lørdag 17. mars 2012

Holmedal

I dag vart det ein liten padletur i Holmedal, medan eg venta på ein av ungane som var i bursdag der.


Blankt utpå i dag..


Godt å sjå at tjelden er komen!


Her var det berre toppen av "trefjellet" ein såg..


Under overflata:


Endå meir drivved:


I dag var også første tur med det nye Snap Dragon- trekket. Det fungerte fint. Lite vatn i sitjebrønnen etter mange ruller.


Måtte også teste kamerastativet. Det fungerte også bra, sjølv om eg må vinkle det litt meir nedover.


Her ei rulle og litt sculling:



Etter mange ruller begynte det å bikke.. Her trenar eg på sveipetak med støtte, med kameraet litt på halvåtte.



Etter denne rulla lausna stativet frå kajakken. Eg fekk det ikkje med meg.

Eg padla vidare med kameraet på slep under. Oppover elva også. Må seie eg er litt imponert over kva dette kameraet toler.. .-)



Må stramme bardunene på sidene litt meir, så trur eg dette stativet skal fungere greitt. Også på Bulandet!

mandag 12. mars 2012

Kamerastativ 2

I fjor haust eksperimenterte eg litt med å feste eit høgare kamerastativ på kajakken. Innlegget om dette finn de HER.

Dette fungerte ikkje heilt i alle samanhengar (td rulle), så noko nytt måtte lagast:


Denne gongen har eg montert på ein tapp der strikket er festa på midten av dekket, slik at det held seg i ro:



 Så har eg bardunert staget i fire retningar, med wire og krokar ned på dekkslina:


Eg har ikkje tenkt så mykje på at ting skal vere rustfritt/ syrefast, så eg må nok passe på å skylje godt med ferskvatn om dette skal vare. Eg har uansett meir tru på dette systemet, det verka meir solid.

Må ut å prøve snart, berre ting roar seg ned ein gong. (Travle tider..)