søndag 27. februar 2011

Teknikktrening

I dag var Tron Ivar og eg ute ein liten tur for å trene teknikk. Vi trente baugtak, sidevegs forflytning, static brace, sculle og rulle. Det har blitt for lite av slikt i vinter.
Det første bilete er beviset. Våren er i anmarsj.Tjelden er komen!
Her på veg ut mot haneskjæret.

Sculling med euroåre sat ikkje heilt som det skulle. Forflytta meg i setet. Må nok polstre meir.

Her ein serie med rullebilete.
Å rulle er vondt. Veldig vondt. (ser det ut til..)
 Her er det Tron Ivar som trenar:
Her ein rulle på godsida mi:


Tron Ivar rullar ein avocet:

Tron Ivar tek ein handrulle: (Åra i vatnet er berre til pynt. )

Etter nokre kalde månader, var det godt å kome på land med våte padlekle igjen. Sjølv om vatnet var kaldt i dag, gjekk det fint sidan det omtrent var vindstille.

lørdag 12. februar 2011

Flott februartur!


Då eg lufta hunden i morges, var det minus 9 og iskald vind. Eit par timar seinare hadde sola kome opp, og då var det litt meir fristande med ein tur på sjøen. At det hadde vore ein spesiell kald natt var lett å sjå på sjøen. Issørpa låg tjukk, og mykje lengre utover enn eg nokon gong før har sett.

Lengre ute var det ingen is og eg kjende at sola varma kroppen. Ein må ta dei små vårteikna ein kan få..

Rundt Flatøyna var det som vanleg bra med oter. Her er ein på veg rett mot meg, før han skvatt ned att i sjøen. Det gamle superzoomkameraet ville ikkje ta bilete på full zoom av ein eller annan grunn (temperatur?), så dette er teke med D10- en.


På ein av  holmane var det også ein einsleg fjærplytt. Godt kamuflert i tanga.

Det vart ein liten strekk på beina på Sausundsøyna.  Utsikt inn mot Askvoll.


Her var det ved nok til ei overnatting. Hugs sag og øks!

På vinteren er energi og varm drikke viktig.  For tida er det bixit og kakao som gjeld.

Dette MÅ vere den beste måten å bruke laurdagsføremiddagen på. Då er i allefall eg klar for helga!

På veg innatt til Øyra: