mandag 21. mai 2012

Terapitur til Eimind fyr.

Etter fine dagar på hytta i Sogn, vart langhelgen avslutta med ein padletur til Eimind. Denne kom sørover akkurat då eg starta:


Det var blank sjø i kveld. Noko som eigentleg er fint, men eg har merka at balansen av og til blir svekka i slike forhold. I kveld var det slik at eg måtte fokusere på punkt på land, for å ha god balanse. Eskimoane hadde eit namn på dette fenomenet (men det har eg ikkje funne).


Nydeleg kajakk (Tahe Marine Greenland T), men lett å få sovande bein i denne. Difor måtte eg på land på Eimind.. Flott kveld for padling!


Ukjend strandplante. Nokon som veit kva denne heiter?


Ukjend art? :-)




Til slutt eit sjølvportrett.. (Jada, sjølvopptatt til tusen)



søndag 13. mai 2012

Grunnkurset som nesten bles bort..

I helga heldt eg grunnkurs for fem deltakarar.


Laurdagen var det ganske fine forhold, men vinden auka utover dagen. Vi måtte avbryte ein tur vi skulle gjennomføre, på grunn av vind og bølgjer på opp mot ein halv meter. Ikkje så dramatiske forhold, men for mykje for nybegynnarar på kurs..

Her frå matpausen ved Olset.


For å ta grunnkurs i mai må ein vere ganske sporty, og klar for kalde bad. Sidan det ikkje vart noko langtur, vart det desto meir trening på teknikk, og bading. Dei med tørrdrakt hadde det nok betre enn dei utan..


Seint laurdag ettermiddag roa det seg heldigvis såpass ned, at vi brukte tid på å trene redningar.. Vi hadde ein lang økt på laurdagen, sidan det var meldt stiv kuling dagen etter.
Under: Silje og Ragnhild som øvar på kameratredning:


Oddbjørn skal øve åreposeredning:


Søndag var det som meldingane spådde; stiv kuling. Området ved Øyra var ikkje eigna for grunnkurs- deltakarar, så vi frakta kajakkane til moloen på Olset. Området ligg i le, og vi fekk repetert teknikkane frå førre dag. Marit og Johnny:


Marit:


Silje:


Ragnhild:


Johnny trivst godt i vatnet!


Viktig å trene på låge støttetak!


Dei som hadde med rorkajakk, måtte gjennomføre størstedelen av kurset, utan å bruke roret. Dei fekk mange overraskande, men positive opplevingar. 

Takk til deltakarane, som tok både veret og utfordringane som ekte vikingar! :-)

Marit sitt blogginnlegg frå kurset finn du HER.

mandag 7. mai 2012

Åsebøvatnet


Vis større kart

Det er sjeldan eg padlar i ferskvatn, men søndag kveld vart det ein liten tur i Åsebøvatnet på Askøy:


Liljene var ikkje heilt klare endå.


Litt "overkill" med fullt utstyrt havkajakk i slike forhold, men..


Ein fin nymåla pram:


Mildt sagt skiftande ver..


Trente også litt på teknikk. Greitt når eg går inn i ei periode med ein del kurs. Her; baugtak:

onsdag 2. mai 2012

Askøy Aust

Eg skulle eigentleg på ein tur rundt Askøy (60 km) denne veka, men det vart ikkje noko av..
Men i dag padla eg frå Hanevik til Heggernes. Ein tur på austsida av Askøy. Her nordover i Herdlafjorden:


Pause i ei lun vik:


Det var også ein liten stopp ved Slettevika. Ein fråflytta husmannsplass utan vegsamband:


Her har det vore åker for mange år sidan:


Våningshuset i Slettevika:




Turen i dag var mest ein rekogniseringstur. Eg såg etter gode teltstader som eg kan bruke når eg seinare skal padle rundt Askøy.