søndag 26. desember 2021

Julepadling

 I dag vart det ein liten padletur. 

Det vart den vanlege turen rundt Flatøyna, gjennom Sauesundet og tilbake sør for Prestøyna. 



Klart i vatnet på denne tida av året.



Ute ved Flatøyna




Oterspor



Dette vart jo ganske bra..







På veg gjennom Sauesundet



Fint og stille, på alle måtar..


Kanskje dette var årets siste tur?







lørdag 11. desember 2021

Lodde stemninga i sentrum!

 Grunnen til den rare tittelen, er at i dag ville eg prøve å ha på eit ekstra lodd på beltet. Eg har tidlegare synst at eg må bale litt for mykje for å kome meg ned. 

Så i dag hadde eg på eit tokilos i tillegg. Totalt 10 kg, i tillegg til ankellodda på 2*0,5 kg.



I dag dykka eg i Askvoll sentrum. I området frå Øyra til Askmuren.


Sidan det nesten ikkje har kome noko nedbør her dei siste vekene, var det ganske klart vatn. 




Rett før sola forsvinn..



















Ein ting som var veldig positivt, var at her var det lite søppel. 

Sjølv om dette er nesten midt i sentrum, er det ganske så reint og fint, også under vatn. 

Bravo Askvoll! :-)





Askmuren under vatn..






Her er heldigvis ikkje komt noko havnespy heller. Så får vi håpe det vert slik framover, også..











Her har børstemakken vore.



Hjerteskjel



Fin dykketur, men litt kaldt i ansiktet. det fungerte fint med eit ekstra lodd. 

Kanskje eg til og med kan prøve med eitt til?


tirsdag 23. november 2021

Novemberdykking i Bulandet

 I helga vart det ein tur til Bulandet, og eit høve til å dykke litt.





Laurdagen vart dette området sjekka ut. Her var det mykje tang og tare, men litt uklart vatn og mykje "drag" i sjøen. Alt vatnet som skulle inn her i denne vika, måtte jo ut att..










Søndagen vart området utanfor "Bualemmen" utforska. Her var vatnet klarare og det var ein del meir dyreliv.



Her: Sjøanemone



Mykje yngel..



Piggkorstroll










Strandkrabbe




Konglomeratstein med albogeskjel.



Sjømonster..






Sjøpølse aka sekkedyr(?)



Deilig å dykke litt igjen. Fin temperatur var det også! 

søndag 17. oktober 2021

Dykking i Follevåg

 I dag prøvde eg ut ein ny stad å dykke, Breidevika ute ved Follevåg. 

Her kom det ned ein bekk som gjorde at sikta vart dårleg, men utover mot Kobbeneset vart det klarare. 



Staveneset over fjorden



Der bekken kom ut var det steinbotn og ganske dødt.. Og dårleg sikt.









Meir tang og tare og difor også meir liv, lengre utover mot fjorden.









Fiskane hadde begynt å pynte med juletre. Syns det var VEL tidleg..

















Denne var ikkje større enn ein fingernegl. Ein slags type manet?






Godt å dykke igjen. Neste gong vil eg prøve meg ute på andre sida, på Staveneset.