tirsdag 30. august 2011

Surfing i småbølgjer!

I dag blåste det opp til liten kuling. Då vart det høve til å leike seg litt utpå fjorden. Eg prøvde å få til nokre surfar på dei bølgjene som var i dag. Ikkje så enkelt.. Store bølgjer er litt meir slik; "vil du vere med, så heng på", medan mindre, må ein treffe akkurat med tid og fart. Fann til slutt ut at det beste var å leite etter surfbare bølgjer når ein padlar medsjø, prøve å ta dei att, og så forsøke å finne farta. Har pleid å vere litt overivrig tidlegare. Har hatt ein tendens til å padle i frå dei.

Eigentleg ganske overraskande kor stor fart ein kan få på slike korte, små fjordbølgjer:





Under er ein video med litt motsjøpadling. Eg prøvde å kappe med Ekspressbåten..



Litt static brace går også an å øve på. Men med så mykje bølgjer det var i dag, var det ikkje så lett. Må ta med snorkel neste gong.



Ei lita økt med kjekk padling, og god trening. Neste gong skal kameraet høgare opp..

torsdag 18. august 2011

Kveldstur til Eimind fyr

I kveld var eg eigentleg ganske så trøytt. Men eg kom meg over "dørstokk- mila", og kom meg ut på sjøen. Det angrar eg ikkje på!

Det vart ein liten tur til fyret på Eimind i kveld. Etter å ha forsert det triste Granesundet i "transportetappe- tempo", opna det seg opp mot vest. I kveld var det ein fin kveldshimmel også.


Sidan det var så rolege forhold, gjekk det an å gå i land ved fyret:

Røsslyng ER vakkert..

På veg innatt skifta himmelen til mørkare fargetonar, og eg tenkte på at eg hadde gløymt lys..

Men det vart ordna ved å leggje mobilen med lommelykta på, inni Pelican- boksa. Så det vart ein "slags" lanterne:

På denne tida vert det fort mørkt, og neste gong skal det vere lys med på padletur..

Haust = lanternetid!

onsdag 10. august 2011

På tur i Sognefjorden med Njord.

Frå fredag 5. august til søndag 7. august var eg så heldig å få vere med på Njord sin tredagerstur; "Fjord Explorer"

Vi starta i Flåm i grå- ver. Veret var svært varierande undervegs, noko som gjorde at det vart interessant fotolys.Fire franskmenn, to tyskarar og to amerikanarar var med på denne turen. Guiden, kokken, medisinmannen; Ervin i midten:


Det vart etterkvart ganske trolsk stemning fredagen:

Aurland til høgre:

Ervin i sitt rette element:

Maten var fantastisk undervegs. God og variert, og med den beste utsikta i verda:

Laurdagen var det opp tidleg for å gå tur forbi Stigen, og opp til Beitelen:

Stigen gard:

Her er vi på toppen av Beitelen. Utsikt innover Nærøyfjorden:

Alle kom seg opp på toppen. Ein flott gjeng!

Den siste natta overnatta vi før det smalaste partiet av fjorden.

Morgonstemning:

Det kjem truleg ein meir utfyllande rapport, og fleire bilete i bladet; Padling etterkvart.

Dette er ein tur eg kan anbefale på det varmaste!