lørdag 13. mai 2017

Tur med Greenlanderen

Lenge sidan eg har vore på tur med Greenland- kajakken min no, og det er lett å sjå..



Pen kajakk..



Stille på sjøen i dag.



Oter å sjå i dag også:








Måtte i land på Sauesundsøyna. Der var våren komen litt lengre enn sist;





Men huset var fortsatt like skeivt..



Påskelilije.



Bekkeblom (trur eg?)







Her var det akkurat passasje..



Kokkelur:



Og måtte jo sjølvsagt prøve om alle rullene var vekke.. Det er jo ei stund sidan...




Heldigvis sat dei fleste grunnrullene.... Treng berre å øve KJEMPEMYKJE viss eg skal opp på det nivået eg var ein gong... Ein kjekk bi- effekt var å få skylla bihulene for bjørkepollen :-)

søndag 7. mai 2017

Overnattingstur med dykking

Fredag ettermiddag fekk eg med meg dei to minste på ei overnattingstur til Sandvika. Denne stranda ligg fem minutts køyretur herfrå, og det er berre eit par minutt unna vegen. Difor kunne vi ta med oss mykje, og eg kunne også ta med dykkeutstyret.

Lurt å gjere teltet klart først..




Det fine med å vere på stranda, er at ein ikkje treng å sysselsetje ungane. Her er mykje spennande å finne på. Og når det er rennande vatn i elva, ein kulp og hav med bølgjer, då er det berre fantasien som set grenser.



Pølsegrilling på bål, må til.






 Det vart ein fantastisk kveld, med lite vind og fin temperatur.



God terapi å sitje og glo inni bålet.



Neste morgon starta vi med frukost. To pølser på steikepanna, som hadde overlevd kvelden før.



 Så dykking!



 Sikta har blitt mykje dårlegare no på våren enn den var i vinter..



 Den blinkande maneten igjen.



Vanleg glasmanet er ikkje så vanleg å sjå lengre.









 Litt yngel å sjå. Eg såg også ein og anna blåstål og berggylt.






Og då eg var ferdig, var det veldig praktisk å leggje seg rett ned i ferskvass- kulpen..




Og der fann eg også RINGEN! My Precious...




Så var det berre å pakke ned leiren, og bevege seg heimover..


Veldig fin tur, med kjekke jenter!

fredag 5. mai 2017

Introkurs med #Fjordchallange

Torsdag 4. mai hadde eg eit nytt kurs med tyske turistar som deltek på bruderleichtfuss sin #Fjordchallange- veke.

Vi var veldig heldig med veret. Litt vind, men ingen problem å manøvrere kajakken for spreke friluftsfolk.


Sjefen for #Fjordchallange; Timo Peters



Etter utdeling av utstyr, litt padleteknikk, og korleis løyse trekket ved velt, var deltakarane klar for sjøen.. Første delen held vi oss på stranda, for å gjere unna eventuelle ufrivillege velt der.













Heile gjengen samla:



Turen gjekk innover mot Straumsbrua. Her er det litt av kvart å sjå..







På denne turen køyrer eg det meste av instruksjonane i starten og slutten av kurset. Resten av turen prøvar eg å late naturopplevingane synke inn i deltakarane, og seier då minst mogleg..






På veg tilbake til Øyra.








På slutten tek vi det å tippe rundt/ løyse trekket, og dei fleste gjennomførar også då eigenredning. (sjølv om dette eigentleg ikkje er pensum på introkurset). Kameratredning vert også demonstrert..


Sidan det er så kaldt i vatnet no, var det lurast å vente med badinga til slutten.

Nok eit kjekt introkurs med glade friluftsinteresserte menneske! Og stor stas å få våttkort med introkursoblat :-)