I dag frå indre område ved Gjørøyna:
Odin sin friluftsblogg
onsdag 22. juni 2022
mandag 20. juni 2022
Dykking i Bulandet
I dag vart området ved Gjørøyna i Bulandet utforska. Her var det litt ymse å sjå, sjølv om det var mest småfisk denne gongen.
søndag 26. desember 2021
Julepadling
I dag vart det ein liten padletur.
Det vart den vanlege turen rundt Flatøyna, gjennom Sauesundet og tilbake sør for Prestøyna.
Kanskje dette var årets siste tur?
lørdag 11. desember 2021
Lodde stemninga i sentrum!
Grunnen til den rare tittelen, er at i dag ville eg prøve å ha på eit ekstra lodd på beltet. Eg har tidlegare synst at eg må bale litt for mykje for å kome meg ned.
Så i dag hadde eg på eit tokilos i tillegg. Totalt 10 kg, i tillegg til ankellodda på 2*0,5 kg.
Sidan det nesten ikkje har kome noko nedbør her dei siste vekene, var det ganske klart vatn.
Rett før sola forsvinn..
Ein ting som var veldig positivt, var at her var det lite søppel.
Sjølv om dette er nesten midt i sentrum, er det ganske så reint og fint, også under vatn.
Bravo Askvoll! :-)
Her er heldigvis ikkje komt noko havnespy heller. Så får vi håpe det vert slik framover, også..
tirsdag 23. november 2021
Novemberdykking i Bulandet
I helga vart det ein tur til Bulandet, og eit høve til å dykke litt.
Søndagen vart området utanfor "Bualemmen" utforska. Her var vatnet klarare og det var ein del meir dyreliv.
Abonner på:
Innlegg (Atom)