søndag 1. september 2013

Aleut- åre

 På Stokkøya i sommer var eg så heldig å få prøve ein åretype som Anders Thygesen hadde med seg. Det var ein aleut- åre som han sjølv hadde laga.


Det som skil ein aleut- åre frå ein vanleg grønlandsåre, er at den har ein markant rygg på eine sida av bladet og ein flat side på den andre.


Ein annan ting som er ulikt, er at den er krum. Dvs blada bøyer seg svakt framover ved padling.


Eg prøvde åra til  vanlege framdriftstak. Då oppdaga eg at bladet gjekk rett bakover utan at ein trengde å styre. Dvs at du kunne ha eit lausare grep på åra når du padlar. Dette var etterkvart noko som eg sette veldig pris på, og som gjer at eg må ein ha ein slik... Ein dag...


 Markant rygg på den eine sida. Denne sida skal vere bakover når du padlar.


Jean Betts prøvde også denne åra, og hadde same oppfatning som meg. Dette var bra saker!


 Du kan lese meir om denne åretypen på Ann- Kristin Skinlo sin blogg.

På denne sida kan lese endå meir, og du kan bestille denne åra frå Kajakkspesialisten

Du finn meir informasjon om aleutane HER.