søndag 26. desember 2021

Julepadling

 I dag vart det ein liten padletur. 

Det vart den vanlege turen rundt Flatøyna, gjennom Sauesundet og tilbake sør for Prestøyna. 



Klart i vatnet på denne tida av året.



Ute ved Flatøyna




Oterspor



Dette vart jo ganske bra..







På veg gjennom Sauesundet



Fint og stille, på alle måtar..


Kanskje dette var årets siste tur?







lørdag 11. desember 2021

Lodde stemninga i sentrum!

 Grunnen til den rare tittelen, er at i dag ville eg prøve å ha på eit ekstra lodd på beltet. Eg har tidlegare synst at eg må bale litt for mykje for å kome meg ned. 

Så i dag hadde eg på eit tokilos i tillegg. Totalt 10 kg, i tillegg til ankellodda på 2*0,5 kg.



I dag dykka eg i Askvoll sentrum. I området frå Øyra til Askmuren.


Sidan det nesten ikkje har kome noko nedbør her dei siste vekene, var det ganske klart vatn. 




Rett før sola forsvinn..



















Ein ting som var veldig positivt, var at her var det lite søppel. 

Sjølv om dette er nesten midt i sentrum, er det ganske så reint og fint, også under vatn. 

Bravo Askvoll! :-)





Askmuren under vatn..






Her er heldigvis ikkje komt noko havnespy heller. Så får vi håpe det vert slik framover, også..











Her har børstemakken vore.



Hjerteskjel



Fin dykketur, men litt kaldt i ansiktet. det fungerte fint med eit ekstra lodd. 

Kanskje eg til og med kan prøve med eitt til?