mandag 31. oktober 2011

Grønlandsåre eller euroåre?

Etter å ha hatt eit sjølvpålagd forbod mot å bruke grønlandsåre i eit halvt år, er eg no klar for å plukke den opp att. På vidaregåande kurset i år har eg brukt euroåra heile tida. Eg ville trene meg opp på euroåra mest mogleg under gjennomføringa av kurset. Grunnen til at grønlandsåra ikkje var eit alternativ på VGK, er at når eg skal halde teknikkurs framover, vil det vere med euroåra. Ein del øvingar er vanskelegare å få til med grønlandsåre, og kan vere vanskelegare  for deltakarane å oppfatte, dersom teknikkane vert demonstrert med grønlandsåre.

Eg vil under prøve å få fram mitt syn på desse to alternativa:

Grønlandsåre:




Turåra framfor nokon. Med smalare blad og bruk av høgare frekvens, kjem ein seg like fort fram med grønlandsåre. Sidan motstanden i vatnet er mindre med grønlandsåre, kan eg padle lengre utan å bli trøytt. Ein annan ting som er fint med åra, er at ein kan variere kantinga (vinkelen årebladet har mott vassflata), slik at det fungerar som ein gir. Om ein har 45 grader, får ein betre tak, og meir framdrift. På denne måten kan ein få ein svært god fart med grønlandsåre også. Grønlandsåra har også mindre vindfang. I mitt padleområdet, er dette ein viktig ting å ta med.

Ved rulling er det vanleg å skifte grep på grønlandsåra. Ved å halde lengre ut mot bladet får ein eit betre moment når ein skal rulle opp. Grønlandsåra er også flott til sculling, både i vassoverflata og ved rulle. ("sculle- rulle"). Ved "static brace" (ligge i ro med ryggen mot vassoverflata), kan grønlandsåra ha den fordelen at den har oppdrift. Denne lille oppdrifta kan hjelpe deg lettare til å meistre denne øvinga.

Andre gode ting med denne åra, er at den er varmare å halde i, har ein liten svikt i materiale, og at skaftet har eit godt ovalt grep. Åra som eg brukar er laga av Thygesen, og vart kjøpt her. Det er ein klassisk grønlandsåre på 220 cm.

Euroåre:




Det finns eit utal ulike modellar av euroårar. Form og storleik på blada varierar mykje. Etter å ha padle Werner Shuna i nokre år, heldt eg på å avskrive euroårene for godt. Shunaen har store, flate blad. Og sidan åra også er pinnstiv, syns eg denne var ubehageleg å padle med. Eg syns ikkje åra "tok tak i" vatnet når eg padla. Den skubba mykje vatn ut på sidene, utan at framdrifta var tilfredsstillande. Til brottpadling fungerte Shunaen godt. Vindfanget til Shunaen, er også stort. Merbart i sterk vind!

No padlar eg Lendal Kinetic S. Ein todelt åre med plastblad.  Denne modellen har mindre blad og har ein krummare form på blada. Den tek godt tak i vatnet ved framdriftstak, og har små blad som med forholdsvis lite vindfang. Den har også meir svikt i materiale, noko som eg meiner er viktig for meg. Denne åra er god til turpadling, men kan ikkje måle seg med grønlandsåra til rein turpadling.

Rulling er ingen problem med euroårene. Sidan eg har rulla mykje med begge åretypane, har eg merka meg ein forskjell i måten å rulle på. Ved bruk av grønlandsåre, "skrur"  ein seg opp. Du vippar kroppen opp, medan du held åra i vassoverflata. Ein liten sveip kan også vere bra.. Rørslene på kroppen er det som gjer at du kjem deg opp. Lite bruk av arm og kne. Medan ved rulle med euroåre, legg ein åra i utgangsposisjon i vassoverflata, og "rykkar deg opp" med mykje bruk av kne, hofte og arm. Det finns jo mange måtar å rulle på, med begge årene, men dette er mine måtar. Mine bruksrullar! ;-) Desse tyr eg til når eg opp, raskt.

Ved teknikkøvingar har euroen sine fordelar framfor grønlandsåra. Baugtak, hengetak og styretaka er lettare å få til med euroen. Skal du padle langs land og følgje landet, er det enklare med euroen. Det kan godt vere at hardcore- grønlandsentusiastar klarar dette på eit vis også, men der er ikkje eg enno. Til brottpadling/ bølgjepadling føretrekk eg også euroåra. Den gir ein meir spontan støtte ved at den har større flatar. Det er også meir bruk av dei litt meir avanserte teknikkane i stor sjø. Og her meiner eg jo at euroen har sitt fortrinn.

Konklusjon:

I ein debatt om problemstillinga på padleforumet, kjem det fram steile frontar i denne saka.. Eg meiner at begge årene har sine fortrinn, men til ulike ting,  Viss det er snakk om leikepadling på Bulandet vil eg føretrekke euro. På Stokkøya, der klassisk grønlandspadling står i fokus, er det grønlandsåre som er tingen. Og begge deler, er padling. Begge deler er moro. Begge deler er lærerikt! Skal ein utvikle seg som menneske, er det viktig å vere mest mogleg open for nye ting. Og steile haldningar, i den eine eller andre retninga, vil stengje for moglegheiten til å oppleve nye ting.

Eg er framleis i læringsfasen når det gjeld padling. Og om eitt år, kan det hende at eg har forandra mine meiningar. Men eg vil ikkje stengje dørar. Både brottpadling og klassiske grønlandsteknikkar har gitt meg mykje!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar