tirsdag 24. august 2010

Ny padletur til Herdla

Fredag 23. august var eg på ein padletur til Herdla igjen. Og denne gongen med ein fantastisk solnedgong! Veldig fasinerande å sjå korleis lyset og fargane forandra seg utover kvelden.



Og ordtaket; "Aftenrød gir morgen blød" stemte. Neste dag var det nedbør..

Plogar med grågjess som rastar på Herdla, på veg sørover. Sommaren er nok ugjenkalleleg slutt.

Området rundt Herdla er ein flott stad for padling. Det er gode høve til å leike seg i dønningane som kjem rett frå havet.

Og rolegare sund og vikar.

Etter at sola gjekk ned i havet, vart det ei studie i pastellfargar:



Meir info om Herdla finn du her.

fredag 20. august 2010

Tur rundt Herdla

Torsdag 19. august vart det ein tur rundt Herdla. Eg brukte knappe to timar på turen som inneheldt alt frå kraftig medsurfpadling og kosepadling.

I land på nordsida av øya, der det er rullesteinsstrender:

Herdla var ein viktig base for tyskarane under krigen. Mange bunkersar og anna ligg att etter dei. Det var også ein flyplass for dei tyske krigsflya.


I dag er Herdla eit naturreservat med variert og enormt fugleliv.


Det var ein flott kveld for padling. Og ein fin bursdagsgåve til meg sjølv.

fredag 13. august 2010

Tur og kamera(t)redning med Oskar

Torsdag 12. august var Oskar og eg på ein padletur.

Etter å ha varma opp litt, øvde vi på kameratredning. Han var ikkje så villeg til å gå ut i vatnet, men etter eit (mildt) press gav han etter.

Med våtdrakt og med den temperaturen som er no, gjekk det greitt å liggje i sjøen litt.
Han fekk også prøve cowboyredning. Dette viste seg å vere litt vanskeleg med den kajakken han hadde (Current Design Raven). Ryggstøtta er så høg, at den skapar problemar både ved cowboy- og kameratrening. Vi må nok sage litt..

Eg prøvde også nokre mislukka handruller i Greenlanden, som vart filma av Oskar. Og ved eine høve gjekk han rundt. Kameraet var heldigvis festa rundt handa, så det gjekk bra med det også. ;-) Elles har vi øvd ein del på å tippe rundt, så det er ikkje noko dramatikk i dette for han.

Eit litt stivt smil etter eit par gongar i vatnet.

Vi fekk også tid til "salte- sitronfox". Dvs fox- karamellar som låg i vesten då eg rulla..Ein delikatesse!

Elles merkar eg at Oskar som no har blitt 9 år, har blitt for stor for Raven- kajakken. Så no vert det nok greenlanden eller Avoceten framover for han.

mandag 9. august 2010

Ruller med Tahe Greenland

Søndag 8. august vart det litt tid til rulletrening på familiedagen i Holmedal.

Du finn videoane av rullene HER

søndag 1. august 2010

Grunnkurs

I helga hadde eg grunnkurs her i Askvoll. Ein stille dag på laurdag. Fine forhold for trening på teknikk og redningar.







Søndagen utpå ettermiddagen blas det opp. Då fekk vi testa redningane i litt sjø også. Vi fekk erfare at åreposeredning er plundrete å få til i vind og bølgjer. Lett å miste kajakk, åre eller årepose.. Likevel den eigenredningsmetoden som er mest "bankers" for nybegynnarar.