Omtalar

Innhald:


1: DVD- omtale: This is the sea 5

2: DVD- omtale: This is the roll

3: DVD- omtale: Sea Kayak Essentials

4: Sea Kayak with Gordon Brown, Volume 2

5: Samanlikningstest mellom P&H Cetus og NDK Explorer:

6: Grønlandsåre/ euroåre



1: This is the Sea 5   

 (Eight adventure films by Justine Curgenven)


Cackle TV, 2013. Ein film av og med Justine Curgenven

                                           

Den femte ”This is the Sea”- filmen følgjer opp den gode stemninga som dei andre i serien er så kjend for. Denne filmen inneheld eigentleg åtte småfilmar som omhandlar padling i ulike kajakkar og samanhengar, og frå ulike stader i verda. Under menyen kan du velje å sjå alle etter kvarandre, eller velje ein og ein. Med tre timar  speletid, er det greitt å kunne sjå denne filmen stykkevis og delt..

Etter ein kort introduksjon, kjem første kapitlet der amerikanaren Paul Kuthe demonstrerar surfing på ei strand i Wales og på ei ståande elvebølgje. Det er imponerande i å sjå korleis han klarar å manøvrere kajakken mellom alle brettsurfarane som også er på stranda.
Vidare i filmen vert vi introdusert for Sarah Outen, ei britisk dame som har som mål å krysse jorda på tvers, frå London til London. Ho bytar mellom å bruke robåt, sykkel og kajakk. Padledistansane vert padla saman med Justine Curgeven . Etter ein treningstur i Spania, får vi vere med på kryssinga over den engelske kanalen, frå London til Calais i Frankrike. Etter seks månader på sykkel, er den neste kryssinga frå Russland til Japan, og så vidare mellom dei nordlege øyane i Japan. Kryssinga mellom Russland og Japan blir ikkje heilt enkel, fordi straumforhold og stivbeinte nasjonale grensereglar lagar vanskar.  Over Stillehavet skulle Sarah ro, men måtte reddast etter at ho kom ut for ein tropisk storm. Planen er å fortsette ekspedisjonen sin i mai, 2013.

I eitt anna kapittel møter vi briten Harry Whelan, som surfar på hekkbølgjene til båtane på elva Themsen, i London. Vi får også sjå nokre klipp der Harry, i lag med to andre, padlar rundt Storbritannia.
Vidare får vi vere med på ein ekspedisjon med ei stor gruppe, i omådet nord for Sicilia. Der finn ein fleire vulkanske øyar, nokre framleis aktive. I denne filmen er det mest kosepadling som vert presentert, likevel gjev det eit fint innblikk i kulturen, naturen og geologien på desse øyane. 

Oscar Chalupsky og den tidlegare olympiske gullmedaljevinnaren i flattvatn; Greg Barton, tek opp medsjøpadling med surfski i områda ved sørkysten av Spania og Hawaii. Dei to deler sine tankar og tips om surfski-  padling.

Høgdepunkta i denne filmen, syns eg er dei to lengre filmane frå ekspedisjonane til Justine Curgeven og Barry Shaw. Den første handlar om turen rundt Sardinia som stort sett går greitt, bortsett frå litt problem med veret og telting. Allemannsretten er noko som vi i Noreg tek for gitt, men som ein i andre delar av verda, må sjå langt etter. Dei to filmane med Justine og Barry har ei fin blanding av padling, natur og kommentarar. Turen rundt Eldlandet blir litt meir dramatisk. Eldlandet har både ein chilensk og ein argentinsk del, slik at dei opplever ein del byråkratiske problem ved kryssinga av  landegrensane. Dei kjem også ut for ein protestaksjon blant lokalbefolkningen, som gjer at den eine kajakken nesten vert brent opp! Etterkvart får Barry problem med handleddet, og må avbryte turen. Dei kjem att eitt år seinare, og fullførar då ekspedisjonen sin.

Filmen inneheld også ein kort film med rulling i bølgjer utført av Turner Wilson. Dette fungerar mest som ein reklamesnutt for ”This is the Roll”, ein annan padlefilm produsert av Cackle Tv.

Kommentarane i denne filmen er på engelsk og blir lesne av Justine sjølv. Du kan velje undertekst på spansk, fransk og italiensk. Kanskje litt rart at standard er italiensk? (Du må aktivt slå av den italienske underteksta..) Biletkvaliteten på ”This is the sea”- fimane, er alltid god. Nokre filmklipp og kommentarar utandørs kan vere av litt dårleg kvalitet, men med tanke på miljøet dei er filma i, er det kanskje ikkje så rart.

”This is the Sea 5”  formidlar padleglede på ein fin måte. Ekspedisjonane er ikkje altfor strabasiøse, og vurderingar vert teke heile tida når det gjeld risiko, ver, vind og bølgjetilhøve. I filmane, og spesielt når dei berre er to, er det nesten som ein sjølv er med på ekspedisjonane. Det er ikkje berre det positive som blir teke med, og det gjer at opplevingane kjem tettare innpå sjåaren. Dette er heller ikkje ein rein padlefilm. Den handlar også om møte med andre menneske, kulturar, historie, geologi, dyreliv og naturen elles. Difor kan denne filmen også sjåast av andre enn padlenerdar. (les: sambuarar/ ektefelle)

Filmen vert forhandla av:



Du kan også laste ned filmen HER

2: This is the roll


Greenland rolling with expert instructors Cheri Perry and Turner Wilson

(Cackle TV, 2012)     ein film av Justine Curgenven



Cheri Perry and Turner Wilson er to rulleinstruktørar som i samarbeid med Justine Curgeven, har gitt ut ein opplæringsfilm om grønlandsruller. På heimesida til Cheri og Turner (www.kayakways.net), ser ein at det er eit travelt par. Dei held mange rullekurs og workshops rundt om i USA og Storbritannia. Filmen startar med å forklare kvifor dei meiner rulling er viktig. Ei trygg rulle får deg til å slappe av, du får større sjølvtillit og du kjem raskt og trygt opp, om du tippar rundt. Filmen handlar om dei grunnleggande grønlandsrullene. Den er delt inn i tre delar: Standard grønlandsrulle som vert avslutta på bakdekket, og ”reverse sweep” og stormrulla, som vert avslutta på framdekket. I hovudsak er det berre desse tre filmen handlar om, men den tek føre seg trinn for trinn ved alle rullene. Demonstrasjonar vert først vist på land ved å bruke eit kajakkskjellett, vidare blir dei demonstrert på vatnet med avataq (ein flyteblære), og til slutt med åre. Rullene vert delt opp i delar, slik at det er lett å sjå kva som blir gjort. Alle rullene vert demonstrert med grønlandsåre, men filmen har også ein eigen del om korleis ein kan utføre desse med euroåre. Cheri og Turner meiner at det eigentleg er same kva slags åre du brukar, sidan det er kroppen si rørsle som har mest å seie for rullinga.


Det er mykje repetisjonar i denne filmen, men det har ein god pedagogisk effekt. Filmen sitt mantra; ”move your kayak first, head out of the water last”, vert gjenteke mange gonger, i tillegg med det å løfte med det nedste låret, bruke kroppen si flyteevne og rotasjon. Etter gjennomgongen av kvar rulle, er det ein feilrettingsdel. Vanlege feil (utført av rulle- elevar) vert vist og kommentert. Dette er eit svært positivt trekk med filmen. Når ein skal lære seg desse grønlandsrullene på eiga hand, er det fint  at ein kan lettare kjenne att feila ein sjølv gjer under innlæringa.

Turner Wilson tek vidare opp at dei framoverlente rullene eignar seg til røff sjø, sidan ein kjem opp på framdekket, klar til å padle. Personleg likte eg delen om dei framoverlente rullene best. Både ”reverse sweep” og stormrulla er svært grundig forklart, og har gode snuttar om feilretting. Etter å ha sett denne filmen, har eg fått større tru på at eg skal få til desse.
 Dvd- en vert avslutta med ei oppsummering der Cheri og Turner kjem med gode tips og oppfordring om å lære alle rullene på begge sider. Filmen har også bonusmateriell om kajakk, åra, kle og kroppen. Den har også med ein del om uttøyningar. Den har undertekstar på italiensk, fransk og spansk. Menyen i dvd- en er oversiktleg og grei. Sjølv om det er mogleg å sjå heile filmen i eitt, er ikkje det så lurt. Den er proppfull av informasjon. Du får ikkje med deg alt på ein gong. Det smartaste er å plukke ut ei rulle, og starte med den. Då har du har meir enn nok å jobbe med.  Dvd- en startar med den enklaste rulla (standard greenland) og avsluttar med den vanskelegaste (stormrulla).

Lyd og bilete:

Lydkvaliteten i denne filmen er god. Kommentarane er på amerikansk, og blir uttalt roleg. Eg hadde ingen problem med å få med meg innhaldet i filmen. Det er ein variasjon mellom direkte og pålagde kommentarar. Kvaliteten på filminga er også bra. Filminga får fram alt som blir gjort, både over og under vatn. Demonstrasjonane under vatn, er utført på ein roleg måte i klart vatn, slik at alle detaljar kjem tydeleg fram.

Konklusjon:

Eg vil absolutt anbefale denne filmen til alle som likar å rulle. Sjølv om du meiner du har ein trygg og god ”bruksrulle”, vil du lære mykje av denne filmen. Du lærar gode teknikkar og får mange tips om korleis du skal utføre dei på ein best mogleg måte. Det er lett å merke at desse to driv mykje med rulleopplæring.  Dei er svært flinke til å forenkle, forklare og feilrette. I løpet av filmen vert det teke opp at det kjem ein film nr to, om meir avanserte grønlandsruller. Det er berre å glede seg.

Filmen vert forhandla av:

God Tur A/S (Bergen)
Alfa Fritid (Tromsø)




3:  Sea Kayak Essentials                                      

Volume 1: Intermediate and advanced boat handling skills  

(Bubble films, 2011) 

av og med Nick Cunliffe




Nick Cunliffe, ein britisk femstjerners BCU- trenar, har laga ein opplærings- dvd frå områda i nord- Wales. Filmen tek først og fremst føre seg dei individuelle dugleikane i kajakk under avanserte forhold. Den er inndelt i 15 kapitlar som handlar om alt frå elementær båtkontroll, til meir avanserte teknikkar i surf og brottpadling. Dei to første kapitla tek føre seg dei grunnleggande teknikkane i kajakk og viktige moment innan havpadling.

Kapitlet om framdriftstaka syns eg er spesielt bra. Dette er også noko som mange padlarar slurvar med. Her viser Cunliffe korleis du kan få mest mogleg økonomiske og effektive framdriftstak. Symmetri, balanse og rotasjon av overkroppen er viktige stikkord, i tillegg til sitjestilling og eit lett grep på åra.
Vidare vert ulike snuteknikkar gjennomgått og demonstrert i vind og bølgjer. Filmen tek også med litt om vinden si innverknad på kajakken, korleis bruke senkekjøl, og effektive framdriftstak i vind og bølgjer. Kapitlet om padling i straum, er også veldig bra. Dette er i grunnen ”elvepadling med havkajakk” og handlar om korleis padle inn og ut av straumskilje, vinkling inn og ut mot straumen og bruk av ymse padleteknikkar. Eit kapittel tek seg av rockhopping, eitt handlar om korleis ein padlar inn og ut av surfsona, og eitt tek seg av tidevasstraum- padling. Områda i nord- Wales er særskild kjend for dette.

Lyd og bilete:

Lydkvaliteten i denne videoen er veldig god. Kommentarane er på tydeleg engelsk, og det er ingen problem å høyre kva som blir sagt. Sjølv kommentarane ute i kajakken, er tydelege. Cunliffe vekslar på å kommentere frå kajakk, og bruke pålagde kommentarar. Kvaliteten på filminga er også av ypparste klasse. Kameraføringa er roleg, og bileta er krystallklare.  Nokre gonger vert filmen stoppa for å kommentere spesielle ting. Animasjonar vert også brukt for å understreke demonstrasjonane som blir vist. Kameravinklinga varierar, alt etter kva som skal visast. Alt han gjer i filmen, er svært tydeleg, nesten overdrive. Men dette fungerar på ein god pedagogisk måte. Det er ingen tvil om kva han ynskjer å få fram.

Denne dvd- en inneheld ingenting om gruppeøvingar eller redningar. Denne kunnskapen må du finne andre stader (td i Gordon Brown sine filmar). Dette er heller ikkje tema for denne dvd- en. Det er den einskilde padlar si evne til å kontrollere kajakken under dei fleste forhold, det vert fokusert på. Og dette klarar denne filmen å få fram på ein flott måte. Kan absolutt anbefalast alle som likar å padle under alle forhold!

Filmen vert importert av God Tur i Bergen




4:    Sea Kayak with Gordon Brown, Volume 2

Denne dvd- en er den andre Gordon Brown har gitt ut. Den første (Volume 1), tek for seg grunnleggjande padleteknikk. Det er også planar om å lage ein dvd nr 3. Denne skal ta føre seg mellom anna navigasjon.

Volume 2 er delt inn i to delar. Ein turdel, og ein teknikkdel. Filmen kan sjåast i eitt, med veksling mellom tur og teknikk. Eller så kan ein velje å sjå berre ein del om gongen. Produsent for denne dvd- en er Simon Willis.



Turdel:


Denne delen går føre seg i området St Kilda, som du kan lese meir om her. Området, som ligg heilt vest i Ytre Hebridane, har vore ein del av Unesco sitt verdsarvområde sidan 1986. Området omfattar øyane; Hirta, Dun, Soay og Boreray. Her er høge fjelløyar med store mengd fugl. Turane går langs bergveggar, inn i holer og gjennom tunnelar i fjellet. Viss ein skal samanlikne med eit område i Noreg, må det vere Runde i Møre og Romsdal. Vi får også vite om historia til "Village Bay" Det er den einaste staden i øyriket som har vore bebudd. Det er også ein liten del på filmen om ei krysning til St Kilda, som fann stad i 1965. Med tanke på utstyret som vart brukt då, er det ein imponerande bragd.

Under utforskninga av holene og tunnelene på øyane skjer det små episodar, der redningar vert brukt. Gordon Brown fortel og forklarar undervegs. Sjølv om turdelen inneheld fine bilete og mykje fugleliv, er det ikkje denne delen som er mest interessant for meg. Vi som bur på Vestlandet, er nok litt bortskjemte når det gjeld fjell og fugleliv.

Teknikkdel:


Denne delen startar med "assistert redning" eller på norsk; kameratredning. Gordon Brown nyttar "heel hook"- metoden. Denne vert forklart grundig undervegs i demonstrasjonane. Eit viktig poeng som GB trekk fram, er at ei redning ikkje er over før den som skal reddast er komen i sikkerheit, og er klar til å padle vidare. Ein ting som er flott med denne dvd- en, er at GB nyttar nybyrjarar som av og til gjer feil, slik at også desse vert kommentert. Ein kan lære mykje av å sjå korleis ting ikkje bør gjerast.

Neste teknikkøkt er "scoop- redninga".  Ved hjelp av stopp i filminga, og strekar på skjermen, vert denne grundig forklart. Vidare tek han for seg eigenredningane. Denne delen startar med ein demonstrasjon av ulike balanseøvingar, der ei gruppe padlarar med ulik erfaring får prøve seg. Først der det er grunt (av ein eller annan grunn, så syns mange nybyrjarar det er meir trygt), og så i litt djupare sjø. Cowoyredning vert vist både i roleg, og i større sjø. Først med, og så utan årepose. Vidare vert åreposeredning gjennomgått, i tillegg til re- entre og rulle med og utan årepose.

Det er også ein fin sekvens om tauing i filmen. Her vert det demonstrert tauing med ulik lengd på tauet. Alt frå ei lita løkke, og opptil lengda av eit taubelte i full lengd. Særleg delen om den heimelaga cowtailen, er god. Ved hjelp av tau og karabinkrokar, kan ein lage sin eigen taueline på båten. Fint tips! Redningar med tauing vert også demonstrert i ein del sjø. I slike forhold er det viktig å  hente kajakken først, så personen. Kor ein kan plassere tauet, vert også teke opp (på padlar/ på kajakk). Eit anna smart tips, er den såkalla "dog lead tow" - metoden med parallelle kajakkar. Ved å nytte denne metoden, vert det mindre motstand på slepet når ein skal taue to personar. Ei gruppe padlarar får også prøve  tauing i tidevasstraum. Her må ein tenkje litt som elvepadlarar, og traversere på skrått opp mot straumen.

Gordon Brown har også sin favoritt når det gjeld korleis ei gruppe skal taue saman. Ved ein del prøving og feiling for min eigen del, er konklusjonen min den same som GB har kome fram til: Linje er betre enn V- form. Han understrekar også at god kommunikasjon er eit "must" ved tauing.

Landingar vert også teke opp som tema. Ei gruppe demonstrerar ulike metodar, og GB kommenterar undervegs. Igjen er det flott at padlarar med ulik erfaring, får prøve seg. "Feil" vert gjort, og kommentert av GB. Ein ting eg reagerte på, under denne og fleire andre sekvensar, er at berre eit fåtal av padlarane brukar hjelm. GB understrekar at dette er eit peronleg val. Eg veit ikkje heilt om eg er einig i dette. Med å ikkje bruke hjelm, utset ein også andre for fare viss hovudskadar skjer.. Lite kjekt å hente folk som er medvitslause ut frå eit brott. I min "HMS- klubb-" sjel, gjer det vondt å sjå padlarar som herjar på grunt vatn med badehette, cowboyhattar og andre rare hovudplagg.. Eg syns GB, som det førebilete han er, burde nytta hjelm under slik padling. Men det er mogleg at vi i Noreg, har ein annan politikk på dette enn dei i UK.

GB utførar også to landingar åleine, først i roleg sjø, så i firestjerners forhold. (Utan hjelm) Filmen tek også med om korleis ein skal kome seg ut att på sjøen. Stikkord er svømming med langt redningslineline festa i kajakken og svømmaren. Gode demonstrasjonar med kommentarar undervegs!

Teknikkdelen avsluttar med ganske heftig tidevasspadling på Ytre Hebridane. Vi får sjå surfesekvensar, der GB forklarar dette med kanting og styretak bak. Så padlar dei i ei "tidevasselv". Denne delen minner mykje om elvepadling, bortsett frå at dei nyttar havkajakkar. (og nesten ingen har hjelm.). Vi får forklart korleis ein skal kome seg inn i straumen, og får også demonstrert "pop- out" med havkajakk.

Dvd- en inneheld også eit bonusspor om korleis filmen vart laga.

Filming og lyd:

Filminga er stort sett god. I nokre tilfelle, er kvaliteten på bileta litt dårleg. Spesielt når filminga skjer frå kajakken. Årabladet kjem i vegen, det er vassdråpar på linsa osb. Men på ein slik film, kan ein kanskje ikkje forvente topp biletkvalitet til alle tider. Mange av øvingane foregår jo like mykje under vatn, som over.

Lyden er også stort sett bra, men på turdelen, kan det vere vanskeleg å få med seg alt som blir sagt. GB sin skotske dialekt og dårleg balanse mellom stemme/ andre lydar, gjer nokre av kommentarane nesten umogleg å forstå. Ei engelsk undertekst, hadde absolutt vore på sin plass.

Konklusjon:

Styrken til denne filmen, er det pedagogiske. Alle ting vert forklart på ein grundig og lettfatteleg måte. Alle demonstrasjonar, vert først utført i roleg sjø med grundig forklaring, for så å bli utført i trestjerners forhold. Dette er noko som går att i heile filmen, og som eg meiner er svært bra. Dette er ein svært god opplærings-film. Den gir eigentleg få fasit- svar,  men viser ulike måtar å gjere ting på. Og som Simon Willis seier til slutt: Poenget med denne filmen er ikkje å vise korleis ein skal gjere alt, men korleis ein kan gradvis kome opp til eit viss nivå, ved hjelp av øvingar og steg for steg- metoden. Dvd- en er absolutt sjåverdig, og inneheld mange tips til korleis ein kan trene for å bli ein tryggare padlar i ein del sjø. Alle vil ha glede av å sjå denne, men den er nok best eigna for dei med teknikkurs og oppover. Eit godt julegåvetips til padlaren som trudde han kunne alt! :-)

Du kan lese meir om dvd- en her.

Ein anna omtale av denne filmen på Qajak, kan du lese her.

Du kan bestille dvd- en  her.



5:    Samanlikningstest mellom P&H Cetus og NDK Explorer:


Etter å ha lånt ein NDK Explorer i snart ein månad, og vore eigar av ein P&H Cetus i over to år, tenkte eg det kunne vere interessant med ei samanlikning av desse to britiske ekspedisjonskajakkane. Begge desse to er standardutgåver. Cetus finns også i LV og explorer i LV og HV.

Cetusen til venstre, exploreren til høgre:




        P&H Cetus:          
         Lengd: 548 cm         
Breidde: 57 cm
Vekt ca 28 kg
Volum: 379 l

NDK Explorer:
Lengd: 540 cm
Breidde: 54 cm
Vekt:  Ca 27
Volum: 313,5 l

(Litt vanskeleg å finne eksakt vekt på exploreren. Av desse to kajakkane verkar exploreren tyngre enn cetusen)

Eg har valt å dele samanlikninga opp i "tur- eigenskapar" og "leike- eigenskapar". Skal prøve å fokusere på bruk og korleis desse oppleves å padle, og ha mindre fokus på byggtekniske ting.


Som bileta viser, så røpar dei eigenskapane til desse to modellane. Exploreren er meir leiken og cetusen meir stabil.
Cetusen er lågare, lengre og har mindre spring. Cetusen har såkalla swedeform. Dvs breiast bak cockpit.

P&H Cetus:


Tur- eigenskapar:
Cetusen er ein kajakk som trives på tur. Med store lukar er den lett å pakke i. Den er stort sett retningsstabil, og med senkekjølen nede er den heilt retningsstabil.
 Den oppleves som veldig stabil. (Både primær- og sekundærstabilitet) Dette er ein kajakk som er fin å bruke til fotografering. Har hatt denne ute på Bulandet nokre samlingar. Då er det ingen problem å sleppe åra for å fotografere, sjølv i store bølgjer og dønningar. Med litt oppakning blir den endå meir stabil. Cetusen har dagsluke foran cockpit. Noko som er fint på tur! Den har godt med dekkstau og strikk, slik at det er rikeleg med stader du kan feste ting på dekk.

Leik- eigenskapar:
Her kjem cetusen litt til kort. Med sin lange lengde og sparsommelege spring, er den ikkje så lett å manøvrere. I møte med bølgjer går den oftast rett i gjennom utan å heve augebryna. Dette er jo kanskje ein fordel når ein vil ha ein stabil og lite "livleg" båt, men oppleves litt kjedeleg når du er ute etter noko meir. Ein positiv ting når det gjeld cetusen, er at den er god å surfe med. Det skuldast nok den flate botnen og den lange lengda. Surfane oppleves i alle fall som bra å kontrollere i denne. Her er ein video som viser dette:


Rulleeigenskapane til cetusen blir eg aldri heilt fornøgd med. Eg opplever at eg må bruke mykje kraft på å kome meg opp. Truleg er det breidda og den flate botnen som gjer dette. Static brace går bra, men er ikkje noko særskilt enkelt i denne. Kantinga ikkje så veldig effektivt i denne. Du må kante skikkeleg for å få god effekt.

NDK Explorer:

Tur- eigenskapane:
Fekk prøve exploreren på ein 30 km lang tur rundt Atløy for nokre veker sidan. Denne kajakken kan ikkje måle seg med cetusen når det gjeld stabilitet. Den har ein mykje meir levande gange. På turen hadde eg litt vekt framme og bak, men likevel syns eg den låg litt "oppå vatnet". Eg trur dette er ein kajakk som bør ha ein del last for at den skal kome heilt til sin rett. Eg opplevde også at den har ein lei tendens til å styre opp mot vinden i sidesjø. (Eit lite forbehald er at monteringa av det nye valleysetet, kan ha påverka eigenskapane til denne kajakken..) Fekk ikkje korrigere dette sidan senkekjølen mangla. På turen gjekk ekspressbåten til Selje forbi. I etterkant hadde eg medsurf på bølgjene etter den eit ganske langt stykke. Då fekk eg erfare ei av dei meir leikne sidene til exploreren. Den surfa villeg vekk på sjølv små dønningar. Her er ein video som viser litt mot- og medsjøpadling med exploreren:


Leik- eigenskapar:
Her meiner eg exploreren har si sterke side. Sjølv om eg meiner den har for stort volum til å kunne yte maksimalt utan last, er dette er artig leikekajakk. Bølgjene merkast betre, både ved mot- og medsjøpadling. Den lever med rørslene i sjøen. Du kan ha det meir moro med exploreren enn cetusen i sjølv små bølgjer.  Den er også god til å ta static brace med:

Rullene går fint. Då eg skulle rulle denne, tenkte eg litt "cetus". Dvs mykje kraft. Det er ikkje nødvendig på exploreren:

Faktisk var eg så oppglødd over rulleeigenskapane, at eg ville prøve handrulla også:


Som ein ser gjekk også den bra, men med litt flaks på slutten.. ;-)
Kanteeigenskapane er omtrent slik som med cetusen. Du må leggje sida skikkeleg ned for å få god effekt.

Konklusjon:

Det store spørsmålet blir: Kva type padlar er du? Er du ein som stort sett padlar tur, og av og til driv med leik i kajakken? Eller er det omvendt?

Viss eg skulle valt ein av desse til ekspedisjon langs norskekysten, ville eg valt cetusen. Den er overlegen når det gjeld å ta seg fram i alle verforhald. den er svært stabil og har god fart. Den er også lettare å pakke i enn exploreren. Den har også noko meir volum.Dagsluka tel også positivt. For mindre personar kan LV- versjonen vere ei løysing.

Viss eg skulle hatt EIN kajakk, hadde eg valt exploreren. Av alle kajakkar eg har prøvd til no, er vel dette den mest allsidige av dei alle. Den kan godt brukast på legre turar. (Det finns mange dømer der exploreren har vore brukt til slikt) Likevel meiner eg at styrken til exploreren er leikeeigenskapane. Etter nokre timar i småbølgjer kjende eg at eg blei svært glad i den. Eg trengde litt tid til å bli kjend med den, men etterkvart vart vi einige om det meste..

Meir informasjon om P&H Cetus finn du HER 
Meir informasjon om NDK Explorer finn du HER

Byggteknisk er stort sett alt betre på P&H- kajakken. Men exploreren er bygd for atomkrig. Noko du også merkar når den skal løftast opp på biltaket..




6: Grønlandsåre/ euroåre

Etter å ha hatt eit sjølvpålagd forbod mot å bruke grønlandsåre i eit halvt år, er eg no klar for å plukke den opp att. På vidaregåande kurset i år har eg brukt euroåra heile tida. Eg ville trene meg opp på euroåra mest mogleg under gjennomføringa av kurset. Grunnen til at grønlandsåra ikkje var eit alternativ på VGK, er at når eg skal halde teknikkurs framover, vil det vere med euroåra. Ein del øvingar er vanskelegare å få til med grønlandsåre, og kan vere vanskelegare for deltakarane å oppfatte, dersom teknikkane vert demonstrert med grønlandsåre.

Eg vil under prøve å få fram mitt syn på desse to alternativa:

Grønlandsåre:




Turåra framfor nokon. Med smalare blad og bruk av høgare frekvens, kjem ein seg like fort fram med grønlandsåre. Sidan motstanden i vatnet er mindre med grønlandsåre, kan eg padle lengre utan å bli trøytt. Ein annan ting som er fint med åra, er at ein kan variere kantinga (vinkelen årebladet har mott vassflata), slik at det fungerar som ein gir. Om ein har 45 grader, får ein betre tak, og meir framdrift. På denne måten kan ein få ein svært god fart med grønlandsåre også. Grønlandsåra har også mindre vindfang. I mitt padleområdet, er dette ein viktig ting å ta med.

Ved rulling er det vanleg å skifte grep på grønlandsåra. Ved å halde lengre ut mot bladet får ein eit betre moment når ein skal rulle opp. Grønlandsåra er også flott til sculling, både i vassoverflata og ved rulle. ("sculle- rulle"). Ved "static brace" (ligge i ro med ryggen mot vassoverflata), kan grønlandsåra ha den fordelen at den har oppdrift. Denne lille oppdrifta kan hjelpe deg lettare til å meistre denne øvinga.

Andre gode ting med denne åra, er at den er varmare å halde i, har ein liten svikt i materiale, og at skaftet har eit godt ovalt grep. Åra som eg brukar er laga av Thygesen, og vart kjøpt her. Det er ein klassisk grønlandsåre på 220 cm.

Euroåre:




Det finns eit utal ulike modellar av euroårar. Form og storleik på blada varierar mykje. Etter å ha padle Werner Shuna i nokre år, heldt eg på å avskrive euroårene for godt. Shunaen har store, flate blad. Og sidan åra også er pinnstiv, syns eg denne var ubehageleg å padle med. Eg syns ikkje åra "tok tak i" vatnet når eg padla. Den skubba mykje vatn ut på sidene, utan at framdrifta var tilfredsstillande. Til brottpadling fungerte Shunaen godt. Vindfanget til Shunaen, er også stort. Merbart i sterk vind!

No padlar eg Lendal Kinetic S. Ein todelt åre med plastblad. Denne modellen har mindre blad og har ein krummare form på blada. Den tek godt tak i vatnet ved framdriftstak, og har små blad som med forholdsvis lite vindfang. Den har også meir svikt i materiale, noko som eg meiner er viktig for meg. Denne åra er god til turpadling, men kan ikkje måle seg med grønlandsåra til rein turpadling.

Rulling er ingen problem med euroårene. Sidan eg har rulla mykje med begge åretypane, har eg merka meg ein forskjell i måten å rulle på. Ved bruk av grønlandsåre, "skrur" ein seg opp. Du vippar kroppen opp, medan du held åra i vassoverflata. Ein liten sveip kan også vere bra.. Rørslene på kroppen er det som gjer at du kjem deg opp. Lite bruk av arm og kne. Medan ved rulle med euroåre, legg ein åra i utgangsposisjon i vassoverflata, og "rykkar deg opp" med mykje bruk av kne, hofte og arm. Det finns jo mange måtar å rulle på, med begge årene, men dette er mine måtar. Mine bruksrullar! ;-) Desse tyr eg til når eg opp, raskt.

Ved teknikkøvingar har euroen sine fordelar framfor grønlandsåra. Baugtak, hengetak og styretaka er lettare å få til med euroen. Skal du padle langs land og følgje landet, er det enklare med euroen. Det kan godt vere at hardcore- grønlandsentusiastar klarar dette på eit vis også, men der er ikkje eg enno. Til brottpadling/ bølgjepadling føretrekk eg også euroåra. Den gir ein meir spontan støtte ved at den har større flatar. Det er også meir bruk av dei litt meir avanserte teknikkane i stor sjø. Og her meiner eg jo at euroen har sitt fortrinn.

Konklusjon:

I ein debatt om problemstillinga på padleforumet, kjem det fram steile frontar i denne saka.. Eg meiner at begge årene har sine fortrinn, men til ulike ting, Viss det er snakk om leikepadling på Bulandet vil eg føretrekke euro. På Stokkøya, der klassisk grønlandspadling står i fokus, er det grønlandsåre som er tingen. Og begge deler, er padling. Begge deler er moro. Begge deler er lærerikt! Skal ein utvikle seg som menneske, er det viktig å vere mest mogleg open for nye ting. Og steile haldningar, i den eine eller andre retninga, vil stengje for moglegheiten til å oppleve nye ting.

Eg er framleis i læringsfasen når det gjeld padling. Og om eitt år, kan det hende at eg har forandra mine meiningar. Men eg vil ikkje stengje dørar. Både brottpadling og klassiske grønlandsteknikkar har gitt meg mykje!