lørdag 29. mai 2010

Far og son-tur 2


I dag laurdag 29. mai hadde eg med meg eldstemann Isak, på ein padletur rundt Prestøyna.

To trøytte blide padlarar med morgonfjes..

I dag var det stille og roleg på sjøen. Det starta med lettskya ver. Men etterkvart kom ei lita regnbyge.



I dag hadde Isak Valley Avocet. Ein kajakkmodell som passar godt for han. Den er også rimeleg stabil.






Nesten havblikk i dag.



Vi kom til eit område med straum. Då vart det tungt å kome framover.  Så det vart ei lita slepeøkt. Greitt å trene på det også.

Eg hadde Aquanaut på turen i dag.

søndag 23. mai 2010

Pinsedag med padling



I dag var Roger og eg på ein liten tur rundt Prestøyna. Som vanleg :-) vart det ein del øvingar på vegen. Og med ullkle, måtte eg berre rulle litt for nedkjøling.

I dag hadde Roger TM Greenland og eg hadde Aquanaut Club. Han likte Greenlanden godt..


Roger med Greenlanden. Sjekk det låge bakdekket..

Lettskya 13 grader:

Roger Kløftveit.  :-)

Roger på veg opp frå ei rulle:

Static brace:



Static brace går bra i ein Aquanaut også:




torsdag 20. mai 2010

Far og son- tur.

I kveld var Oskar og eg på ein liten kveldstur. Han hadde Raven- kajakken og eg hadde Greenlanderen. Det vart ikkje så langt i dag heller, men dette er heller ikkje noko mål når ein har med ungar på padletur.






Vart litt rulleøving på meg og litt manøvrering- oppfrisking på Oskar. Første tur for han i år.
Og faktisk: Etter nokre dagar med sol, kan ein kjenne at temperaturen i sjøen har begynt å kome seg. :-)



Vesten han hadde på seg i dag, var litt for stor til han. Så han blei sitjande litt med vesten oppunder øyra.



Etter turen. Litt forskjell i lengd på desse to kajakkane, kan ein kanskje seie?



 
Rulle med greenlanden frå turen  HER


fredag 14. mai 2010

Nydeleg dag for kajakk!



I dag 14.mai var Tron Ivar og eg på ein liten padletur. Det vart ikkje så mange kilometer, men desto meir rulling/sculling. Nydeleg ver og lite vind. Då eg skulle ta på tørrdrakta før turen, rakna halsmansjetten på tørrdrakta. Difor var det ikkje SÅ fristande å rulle for meg i dag. Eg prøvde klubben sin P&H Capella i dag. Ganske fin kajakk, men med fotstøtter som eg ikkje kunne bruke. Difor sklei eg framover i setet heile tida.



Ein flott dag!



Fotografen:

Tron Ivar slurvar med hovudet  ;-)

To videoar frå turen ligg HER.

onsdag 5. mai 2010

Prøvetur med TM Greenland T

Fekk ein liten tur med TM Greenland i dag. Dette er ein kajakk som klubben vår truleg skal kjøpe. Første gong eg prøvde den var ute på Vårsleppet i Bulandet. Men då var det så mange andre ting å tenkje på, at eg ikkje fekk nyte det skikkeleg . :-)

           At det er ein vakker kajakk, kan ingen kome i frå..

Det første eg merka var at den har nok ein våtare gange i sjøen enn det eg er van med. Med bølgjehøgd på 20- 30 cm vart det ein del skvetting på dekket og i ansiktet. Fordelen med ein kajakk med så lite volum er jo at den skjærer seg gjennom bølgjene på ein heilt anna måte enn både Cetusen og Marlinen. Så eg kan godt tenkje meg at dette er ein artig båt i litt større sjø. Så lengje ein likar mykje sjø på framdekket, vel og merke.

Ein ting som er veldig bra med denne kajakken er farten. Med litt aksellerasjon på åra, er ein raskt oppe i god fart. Kanteeigenskapane er også svært gode, så lengje ein kantar nok. Er ein modig, ser ein stor reaksjon på svinginga.

Ved ein stad på turen, fekk eg små dønningar frå sida. Då merka eg den store forskjellen på knekkspant og rundare skrog. Den var med på alle rørslene til bølgjene. Opp og ned. Slike småruske- bølgjer er ikkje noko Cetusen bryr seg med. Den fortsett rett fram som eit krigsskip.. Greenlanden var mykje meir levande. Eit problem var å få den til å svingje bort frå dønningane. Den ville parallellt med bølgjene, og helst mot dei.. Då eg fekk den rett frå bølgjene, var den interessert i å surfe, sjølv på små dønningar.
Må også berømme Tahe for arbeidet med å heve kvaliteten på produkta sine. Alt på denne kajakken er forseggjort. Der støpen var dårleg før (rundt cockpit) har dei fått meir glasfiber på. Skikkelege lukar, tau og strikk har også desse nye modellane fått. Prisen å betale er at vekta har gått opp noko.

For meg er det fortsatt litt uvant å sitje med beina rett fram så lengje om gongen. Kajakkar med lågt volum har jo "bakdelen" at beina er meir eller mindre rett fram, utan bøy i knea. Resultatet for meg, blir at beina somnar. Men så er eg stiv som ein stokk også. Rekk ikkje ned til golvet når eg står, og klarar ikkje å leggje hovudet skikkeleg framover på framdekket, som er ein føresetnad for å klare stormrulla.

Så ein videosekvens der eg øvar meg på handrulla. Her brukar eg åra som hjelpemiddel. Den ligg i vatnet. Med litt øving, skal det nok gå bra med handrulla i denne kajakken. Static brace og er ingen sak i denne.

                                                  Video med TM Greenland T

På øya eg tok pause, var våren kome: