lørdag 7. januar 2017

Første tur i 2017

I dag var eg ute på ein kombinert padle- og dykketur.

Var litt spent på om eg fekk plass til svømmefinnene då eg skulle laste kajakken.. Dei er jo litt lange...



Men heldigvis passa dei fint inni cockpiten, på golvet



Så var det ut på tur. Målet var Flatøyna der eg skulle dykke.



Fint utpå i dag. Tenk at vi kan ha slike dagar tidleg i januar! :-)



 Mykje dyrelive (over vassflata ) i dag. Her; skarv.



Ørn i flukt.. (i serien "ørn i flukt")



Oter som leika og laga syntetiske lydar. Dei må vere digitale..



Ørn på stein (i serien "ørn på stein")



Så var det tid for dykking!



Å gjere seg klar for dykking, gjekk på 1-2-3 (4-5-6-7-8 osb)
Legg merke til taretrålaren (utan last) bak :-) Pittelitt framtung..



Klar for dykk!



Kanskje ei flaskepost, eller ei flaske med rom?



I dag brukte eg den nye plastlina. den fungerte veldig bra. Den gamle taulina, lagde mange flokar..






Litt småfisk, men mest tang og tare..



Litt skjellsandbotn her og der..









Hadde også kniv med i dag. Ikkje for å dykke ned til 30 meter å setje den velplassert mellom augene på ein steinbit (eg er ikkje DER enno..), men som ein sikkerheit om ein rotar seg bort i tau eller garn...



Rosa stein..



Og her er det berre fantasien som set grenser.






Prøvde å eksperimentere litt med å bruke sjølvutløysaren når apparatet låg på botn, men det vart litt for vanskelege lysforhald for apparatet...









Og når eg er passeleg kald, går eg på land. Greit å gje seg medan leiken er god..
Etterkvart kunne eg tenkje meg å begynne med harpun, men treng fortsatt mange turar til å bli van med utstyret og aktiviteten. I dag hadde eg med meg for lite bly i blybelte. Det eine loddet hadde sklidd av, utan at eg hadde merka det. Så det var litt kamp med å kome seg ned.. sjølv med ankellodda på..


Lurt med varm drikke etter ei dykkeøkt..


På veg inn att.


Finfin ettermiddag..






Ein super tur, både over og under vatn :-)