lørdag 16. oktober 2010

Atløy rundt!

Etter ei tid med mykje "padlearbeid" var det godt å få ta seg ein tur heilt åleine. Eg har sansen for å berre vere meg sjølv ute på ein lengre tur. Fordelen er også at det er mykje lettare å kome tett innpå dyr og fuglar, sidan det vert ein mykje stillare tur. Denne turen var full av slike opplevingar. Det var også ein fin sjanse til å få testa Exploreren.


 Dessutan kan det vere greitt å berre ha seg sjølv å stole på når vurderingar skal takast. Så lenge ein er godt utstyrt, er det lite fare forbunde med dette. Eg hadde med mobil, vhf, ekstra kle, ekstra åre, varm mat og drikke og sekk med vektøy og reparasjonsutstyr. Turen er i underkant av 30 km. Eg brukte fem og ein halv time, men hadde mange pausar undervegs.

Her er eg komen på nordsida med utsyn vestover. Kinn i horisonten. På denne sida av øya var det omtrent flatt hav.



Her er eg ved Kjørrvika. Her er det eitt hus utan veg fram. Oddgeir Bruraset kjem vel snart. ;-)


Her er eg komen så langt vest at eg skimtar Alden. På vestsida av Altøy var det veldig flott. Mange småøyar med gode høve for padlarar å gå i land.


Her var det også mykje havørn. Såg 4-5 i dette området. Her er to av dei:


Bra med liv i sjøen var det også (Desse viser betre om du klikkar på dei.):



Fyret ved Hansholmen der eg tok matpause:



Tomatsuppe og brød vart eit festmåltid for ein småkald kropp:


Litt geologi:  Her var det innslag av mjølkekvarts i bergarten. Dette finn du også att i Brurastakken som eg kom til seinare på turen.


Ein kolloni med sneglehus i nesten perfekt trekant:


Denne øya heiter Tviberg (sjølvforklarande):


Brurastakken på sørvest på Atløy. Eit kjent geologisk område. Vil du lese meir om Brurastakken finn du litt  HER


Utsikt sørover. Alden og Værlandet:


På øyane sør for Brurastakken var det mykje sel. Då eg kom forbi spratt det 7- 8 stk i sjøen. Her er den tøffaste (og mest nyfikne) i gjengen:


Kompisane var her:


Kyrkja på Vilnes. Den er frå 1600- talet. Der har vi gifta oss og døypt to av ungane våre. Ei kyrkje med mykje historie i veggane. Du finn meir informasjon om kyrkja HER


På veg innover mot Sauesundet. Måtte ha ein pause no.. Merka kilometrane i kroppen.


Pause!  Bilete er uklart, men skildrar den formen eg var i på dette tidspunktet så godt, at eg vil bruke det. ;-)


Heime i Askvoll.  


Å padle 30 kilometer på ein dag er i overkant av det eg klarar. Eg er stort sett van med to- timarstur ut for å rulle, herje og plaske. Eg brukte grønlandsåre heile vegen på denne turen. Noko anna er utenkeleg for meg. Å padle så langt med euroåre hadde garantert resultert i senebetennelse.


Kajakken eg brukte var fin å padle.  Spesielt med, og mot bølgjene oppførte den seg eksemplarisk. Noko anna var det då eg skulle padle parallellt med bølgjene. Denne kajakken hadde ikkje senkekjøl ( teke vekk), og det trur eg den MÅ ha.. Den hadde ein lei tendens til å vende opp mot vinden. På heile sørsida  kom det vind ned frå fjella og då måtte eg kante og padle mykje med ventre arm for å hindre at den la baugen mot land. Det er ikkje utenkjeleg at setet eg har montert, kanskje burde vore lengre bak, sidan akter på kajakken vart for "laus". Måten eg pakka på kan også ha noko å seie. Hadde like mykje vekt framme som bak.

Har lengje tenkt på å padle rundt Atløy. Det er ein slik "må- gjere" ting.. Dessverre vart eg slått av to damer. Eg fann også mange matdeponi og hundelik etter deira ekspedisjon rundt øya.

Men dei padla ikkje heile turen på ein dag.. ;-)

Denne turen kan lese meir om i Lene sin blogg, som du finn HER



torsdag 14. oktober 2010

Seteskift på NDK Explorer

Njord AS hadde ein NDK Explorer som trengde eit nytt sete. Det gamle setet var lausna i festa på eine sida og allereie reparert fleire gonger på kvar side. Men dette viste seg å ikkje halde så godt. Eit nytt valleysete måtte til. Eg skulle få låne kajakken ein periode mot å gjere arbeidet. Ein god avtale for meg!  :-)
Sidan valleysetet  har skruehol oppå, måtte det borast i Exploreren.

1:

Før det gamle originale sete var fjerna, merka eg av framkant og bakkant i botnen på kajakken. Det nye måtte vere mest mogleg lik i plassering. Om dette vert endra, vert eigenskapane til kajakken endra også.. Det nye setet er lengre (har meir støtte til låra), slik at det er bakkanten som er viktigast å følgje.



2:

Eg sikta ovanfrå og prøvde å få bakkant mest mogleg likt som det gamle setet.


3:

Så teikna eg rundt eine skruen med tusj der det måtte borast. Valleysetet har fem ulike innstillingar i lengderetning, slik at det er mogleg å regulere litt etterkvart.


4:

For å sikre at setet ikkje ville bli montert skeivt, brukte eg tau frå bærehandtaket bak for å måle kor skruehola skulle vere på den andre sida av cockpit..


5:

For at det nye sete skulle få plass måtte restane etter det gamle vekk.



6:

Då måtte eg bruke vinkelslipar. Det vart eindel støv (type farleg) under denne prosessen, så her er maske og briller smart..


7:

Så var det berre å bore. Tynt bor først.



8:

På med plata med feste til skruene under. Desse har to skruefester, men erfaring med Cetusen (skifta sete på den tidlegare) har vist at ein skrue på kvar side er nok.




9:

På med polstringane på sidene.


10:

Ferdig resultat. Explorer med valleysete.




Og i morgon er det prøvetur..




mandag 11. oktober 2010

Stormsamlinga 2010

I helga var det Stormsamling på Bulandet. Det var første gong klubben vår arrangerte. Ca 50 padlarar samla for flott padling, nydeleg mat og sosialt samver. Fredagen var vi i klubben ute å leika oss litt før dei fleste deltakarane kom seinare på kvelden.

Her er Ervin med ein liten surf:

Roger demonstrerar "luft- støttetak":

Lise Lotte med ein flott surf:


Torbjørn med Impexen:

Oddvinn og eg var på leit etter gode surfeplassar fredag ettermiddag. Etterkvart tok Torbjørn oss med på ein tur rundt fuglesteinane og på vestsida. Der var det (som namnet tilseier) mykje fugl og sterk guano- lukt.. Men eit fantastisk område. Dessverre var batteriet i fotoapparatet daudt då.

Ein del av jobben min var å ta bilete og lage ein framsyning  på laurdagskvelden, med bilete frå fleire fotografar. Sundag var eg med på guida tur.  Det var litt meir vind søndagen enn laurdag, men det vart aldri store dønningar ut av det. Uansett var det ei flott helg med mykje padling og mange kjekke folk. Og Bulandet ER paradis på jord. Amen.

HER er det fleire bilete frå samlinga:   HER er fire surfevideoar frå helga.