søndag 17. august 2014

NM i Grønlandsruller 2014- Del 3

Her kjem siste innlegget med ruller frå NM på Stokkøya:



Først nokre handruller med Pål Gustad:

Nr 23; "Hand roll, start tucked forward, finish tucked forward", begge sider:




Så nr 24: "Hand roll, start leaning aft, sweep from stern to bow", venstre side:




Så nr 32; "Elbow roll" med Jon David Jenssen, begge sider:



Så er det Pål Gustad som tek "Elbow roll"(nr.32), høgre side:



Venstre:



Ingen av dei hadde kryssa av på "Straight jacket- roll" (nr. 33) på skjemaet dei leverte inn før konkurransen, men vart utfordra av Dubside til å prøve.

Kunne dei klare det?



Så Pål sitt forsøk:






torsdag 14. august 2014

NM i Grønlandsruller 2014- Del 2

Her kjem del 2 i rullevideoane med Pål Gustad og Jon David Jenssen frå NM i Grønlandsruller.
(Denne gongen er videoane lasta ned på youtube..)

Først Norsaq- rullene:


Pål utførar nr 20: "Throwing stick, start tucked forward, finish tucked forward, begge sider:



Same rullen, venstre side, med Jon David (nr 20):



Så Jon David som rullar "Throwing stick, start leaning aft, sweep from stern to bow, venstre side (nr 21):




Så mursteinsruller!


Pål ruller: "Hand roll holding a brick, start tucked forward, finish tucked forward", høgre side (nr 29):



Pål ruller: "Hand roll holding a brick, start tucked forward, finish tucked forward", venstre side (nr 29):



Så er det Jon David Jenssen som gjer dei same rullene på begge sider (nr. 29):




Så er det: "Hand roll holding a brick, start leaning aft, sweep from stern to bow (nr 30):

Først Jon David Jenssen:



Så same rullen med Pål Gustad:




Neste og siste videodel frå NM vil innehalde litt handruller, elbow roll, og forsøk på "straight jacket- roll..

Takk til begge rullarane for tillatelse til å publisere!



tirsdag 12. august 2014

NM i grønlandsruller 2014- Del 1

På Stokkøytreffet i år fekk eg teke ein del videoar av nokre av dei mest avanserte rullene til dei to som kom på første og andreplass i herreklassen. ( 324 poeng til Pål og 323 poeng til Jon David)

 Reknar med at det er fleire som har glede av å sjå desse. Her er det mykje å lære! ;-)

Tusen takk til Pål Gustad og Jon David Jenssen som har gitt tommel opp til at desse kan publisert!

Eg har så mange småsnuttar at eg må dele opp i tre innlegg. Eg tek rullene i nummerert rekkefølgje. (etter denne lista) Eg har flest videoar med Pål. Det trur eg er fordi han låg litt nærmare under konkurransen. ;-) Også ein overvekt av venstreruller, ser eg. Det var jo stort sett  frå den sida eg filma i frå. Kvaliteten er ikkje heilt prima, men ein ser kva som foregår..

Første rulle er Pål Gustad sine "Spine roll" (nr 7), begge sider:



Denne tok eg med fordi eg sjølv har lurt litt på kva ein gjer med åra på slutten. Som videoen viser, er det greit å la åra liggje vinkelrett ut frå kajakken etter endt rulle, for så å ta den opp i utgangsposisjon.

Så er det Pål sin "Sculling roll with paddle held horizontal above backrest" (nr. 14)



Så er det Jon David sin "Sculling with paddle held under kayak", venstre side (nr. 16:



Same rulla av Jon David, men på høgre side:



Resten av rullene i dette innlegget er med Pål Gustad.

Så gjentakande ruller, først stormruller, høgre side (nr. 17):



Speed storm, venstre side (nr 17):



Så speed standard, venstre side (nr 18):



Speed standard, høgre side (nr. 18):






Neste del vil vere meir likt fordelt mellom Pål og Jon David, og vil ha med både norsaq- og mursteinsruller.

Stay tuned...






Stokkøya 2014

I fjor var første gong eg vart med på Qajaq- treffet på Stokkøya, og då bestemte eg meg for å kome att i år. Denne gongen hadde eg med meg trettenåringen min, Oskar. Han fekk velje mellom å vere med mora til London, eller meg til Stokkøya. Og då valde han sjølvsagt rett! ;-)


Sidan eg hadde med meg han i år, var eg ikkje med på alle øktene på Qajak- akademiet. Det vart litt "til og frå".. Vi padla ein del turar i nærområda, og såg litt på det dei andre dreiv med.

Her oppvarming/ uttøying:


Vi fekk også litt tid til rulle- innlæring. Her med trekket delvis av..




Fredag fekk dei som ville det, prøve harpunkasting på blink. Veldig moro! Og dette kan vere ein ny "må-ha" ting..

På byggjekonkurransen same dag, var det tre lag. Eitt herre-, eitt dame-, og eitt juniorlag. Her er juniorlaget i full gong med utforminga av kajakken sin:


Herrelaget med Jon Oli som sjefsdesignar:


Dei tre ferdige skroga med byggjarane:


Herrelaget sitt skjelett:


Etter at plastinga var ferdig skulle kajakkane padlast i ein stafett, på tre etapper. Den som hadde siste etappe skulle også rulle. På vårt lag, hadde vi fått Dubside til tredjeetappen.. ;-) Vi satsa alt på å vinne!

Dubside tenkjer kanskje om han må begynne å bruke eit anna mantra enn: "Don`t blame your kayak"

Juniorlaget laga ein flott kajakk, men toler den å brukast?

Glade konstruktørar og padlarar!

Herrelaget:


Bernt forklarar opplegget:

(Foto: Lars Olufsen/ Fosna folket)

Første etappen gjekk greitt. Ikkje heilt enkelt å padle denne kajakken, men MYKJE meir stabil enn den i fjor.. ;-)

(Foto: Lars Olufsen/ Fosna folket)

På sisteetappen, fekk juniorlaget litt problem. Kjølen knakk..


Damelaget sin kajakk trekte litt for mykje vatn inn, og måtte tømmast etter kvar etappe.


Juniorlaget gav ikkje opp. Imponerande at dei gjennomførte stafetten med denne ubåten!


Dubside på veg ut for å ta fem ruller, for å maks fem poeng:








Og han kan behalde mantraet sitt! Fem ruller vart gjennomført i det som for eit par timar sidan var lekter, tape og gladpack!

Damelaget sleit med lekkasjen, og Mildrid som skulle rulle fekk eit alvorleg "luft- problem".. ;-)


Men fem ruller vart gjennomført også på dette laget! Ikkje gale..Damelaget fekk ekstrapoeng for pyntinga. Kajakken var dekorert med strå og blomer!


Juniorlaget klarde også konkurransen med denne. Også rullene vart gjennomført!



På laurdag var det NM i grønladsruller! Her tør eg ikkje skrive kven som er kven.. Litt vanskeleg å skilje dei ulike deltakarane i svarte tuilikar..



Utruleg mange flinke rullarar i dei ulike klassene! I herreklassen var det eitt poeng som skilde nr 1 og 2. Og vinnaren hadde imponerande 324 poeng!














Dommarane Dubside og Bernt registrerar poeng og har kontroll på tida..






















Dei to siste rullarane i herreklassen  i konkurransen har eg ikkje så mange bilete av. Då eg tok videoar av dei mest avanserte rullene. Eg har fått lov å publisere filmane av begge to, og kjem til å leggje dei ut etter litt redigerings- og opplastingsarbeid! Det kjem i neste innlegg om nokre dagar! ;-)


Fullstendig resultatliste på NM vart slik:


Damer
1 Mildrid Flø 104 poeng
2 Karoline Lohrengel 81 poeng
3 Lidun Hareide 74 poeng
4 Marit Nilsen 64 poeng
5 Kjersti Turøy 54 poeng
6 Torill Ringsø 17 poeng
7 Sygni J. Aarseth 17 poeng
8 Astrid Wale 15 poeng
9 Pia Lise Bårdsen 8 poeng


Herrer
1 Pål Gustad 324 poeng
2 Jon David Jenssen 323 poeng
3 Stig Nygård 140 poeng
4 Jørgen Bysveen 105 poeng
5 Rolf Tennebø 104 poeng
6 Leif Krane 92 poeng
7 Einar Knutsen 85 poeng
8 Tore Gliddi Larsen 75 poeng
9 Tommy Gaupholm 49 poeng
10 Jan Theien 49 poeng
11 Morten Eilertsen 47 poeng
12 Kjetil Thorbjørnsrud 32 poeng
13 Erik Rødsand 20 poeng
14 Dirk Hoffmann 20 poeng
15 Bernt Marius Johnsen 19 poeng
16 Atle Midttømme 13 poeng
17 Jens Petter Dahle 12 poeng

Junior
1 Olea Jonsdottir Flø 60 poeng
2 Mads J. U. Stave 8 poeng
3 Stian Rognstad 6 poeng


Årets samling hadde den same gode Stokkøy- stemninga som i fjor. Ein avslappane og uformell atmosfære, med trivelege folk.

På vegen heim diskuterte eg litt med sonen min. Han lurte på kvifor ein eigentleg trengde fleire enn EI rulle. Poenget er jo å kome seg opp, ikkje korleis. Eg vart først litt svar skuldig..  Men så prøvde eg å forklare att det handlar om kroppskontroll, glede av å få til nye ting og den grønlandske historien.
Uansett er samlinga på Stokkøya ein sosial stad. Den samlar "rullenerdar"  frå heile landet ytst ute på trøndelagskysten, for å vere sære... sære saman..


Her finn du ein artikkel i lokalavisa om samlinga
Her finn du ein artikkel i lokalavisa om byggjekonkurransen.

Tusen takk til Stokkøy- komitten for alt arbeidet de har hatt for å få til denne flotte samlinga. Har veldig lyst til å kome att neste år også! Og det har Oskar `og!