lørdag 6. november 2010

P&H Cetus mot NDK Explorer. To solide britar!

Etter å ha lånt ein NDK Explorer i snart ein månad, og vore eigar av ein P&H Cetus i over to år, tenkte eg det kunne vere interessant med ei samanlikning av desse to britiske ekspedisjonskajakkane. Begge desse to er standardutgåver. Cetus finns også i LV og explorer i LV og HV.

Cetusen til venstre, exploreren til høgre:




        P&H Cetus:          
         Lengd: 548 cm         
Breidde: 57 cm
Vekt ca 28 kg
Volum: 379 l

NDK Explorer:
Lengd: 540 cm
Breidde: 54 cm
Vekt:  Ca 27
Volum: 313,5 l

(Litt vanskeleg å finne eksakt vekt på exploreren. Av desse to kajakkane verkar exploreren tyngre enn cetusen)

Eg har valt å dele samanlikninga opp i "tur- eigenskapar" og "leike- eigenskapar". Skal prøve å fokusere på bruk og korleis desse oppleves å padle, og ha mindre fokus på byggtekniske ting.


Som bileta viser, så røpar dei eigenskapane til desse to modellane. Exploreren er meir leiken og cetusen meir stabil.
Cetusen er lågare, lengre og har mindre spring. Cetusen har såkalla swedeform. Dvs breiast bak cockpit.

P&H Cetus:


Tur- eigenskapar:
Cetusen er ein kajakk som trives på tur. Med store lukar er den lett å pakke i. Den er stort sett retningsstabil, og med senkekjølen nede er den heilt retningsstabil.
 Den oppleves som veldig stabil. (Både primær- og sekundærstabilitet) Dette er ein kajakk som er fin å bruke til fotografering. Har hatt denne ute på Bulandet nokre samlingar. Då er det ingen problem å sleppe åra for å fotografere, sjølv i store bølgjer og dønningar. Med litt oppakning blir den endå meir stabil. Cetusen har dagsluke foran cockpit. Noko som er fint på tur! Den har godt med dekkstau og strikk, slik at det er rikeleg med stader du kan feste ting på dekk.

Leik- eigenskapar:
Her kjem cetusen litt til kort. Med sin lange lengde og sparsommelege spring, er den ikkje så lett å manøvrere. I møte med bølgjer går den oftast rett i gjennom utan å heve augebryna. Dette er jo kanskje ein fordel når ein vil ha ein stabil og lite "livleg" båt, men oppleves litt kjedeleg når du er ute etter noko meir. Ein positiv ting når det gjeld cetusen, er at den er god å surfe med. Det skuldast nok den flate botnen og den lange lengda. Surfane oppleves i alle fall som bra å kontrollere i denne. Her er ein video som viser dette:


Rulleeigenskapane til cetusen blir eg aldri heilt fornøgd med. Eg opplever at eg må bruke mykje kraft på å kome meg opp. Truleg er det breidda og den flate botnen som gjer dette. Static brace går bra, men er ikkje noko særskilt enkelt i denne. Kantinga ikkje så veldig effektivt i denne. Du må kante skikkeleg for å få god effekt.

NDK Explorer:

Tur- eigenskapane:
Fekk prøve exploreren på ein 30 km lang tur rundt Atløy for nokre veker sidan. Denne kajakken kan ikkje måle seg med cetusen når det gjeld stabilitet. Den har ein mykje meir levande gange. På turen hadde eg litt vekt framme og bak, men likevel syns eg den låg litt "oppå vatnet". Eg trur dette er ein kajakk som bør ha ein del last for at den skal kome heilt til sin rett. Eg opplevde også at den har ein lei tendens til å styre opp mot vinden i sidesjø. (Eit lite forbehald er at monteringa av det nye valleysetet, kan ha påverka eigenskapane til denne kajakken..) Fekk ikkje korrigere dette sidan senkekjølen mangla. På turen gjekk ekspressbåten til Selje forbi. I etterkant hadde eg medsurf på bølgjene etter den eit ganske langt stykke. Då fekk eg erfare ei av dei meir leikne sidene til exploreren. Den surfa villeg vekk på sjølv små dønningar. Her er ein video som viser litt mot- og medsjøpadling med exploreren:


Leik- eigenskapar:
Her meiner eg exploreren har si sterke side. Sjølv om eg meiner den har for stort volum til å kunne yte maksimalt utan last, er dette er artig leikekajakk. Bølgjene merkast betre, både ved mot- og medsjøpadling. Den lever med rørslene i sjøen. Du kan ha det meir moro med exploreren enn cetusen i sjølv små bølgjer.  Den er også god til å ta static brace med:

Rullene går fint. Då eg skulle rulle denne, tenkte eg litt "cetus". Dvs mykje kraft. Det er ikkje nødvendig på exploreren:

Faktisk var eg så oppglødd over rulleeigenskapane, at eg ville prøve handrulla også:


Som ein ser gjekk også den bra, men med litt flaks på slutten.. ;-)
Kanteeigenskapane er omtrent slik som med cetusen. Du må leggje sida skikkeleg ned for å få god effekt.

Konklusjon:

Det store spørsmålet blir: Kva type padlar er du? Er du ein som stort sett padlar tur, og av og til driv med leik i kajakken? Eller er det omvendt?

Viss eg skulle valt ein av desse til ekspedisjon langs norskekysten, ville eg valt cetusen. Den er overlegen når det gjeld å ta seg fram i alle verforhald. den er svært stabil og har god fart. Den er også lettare å pakke i enn exploreren. Den har også noko meir volum.Dagsluka tel også positivt. For mindre personar kan LV- versjonen vere ei løysing.

Viss eg skulle hatt EIN kajakk, hadde eg valt exploreren. Av alle kajakkar eg har prøvd til no, er vel dette den mest allsidige av dei alle. Den kan godt brukast på legre turar. (Det finns mange dømer der exploreren har vore brukt til slikt) Likevel meiner eg at styrken til exploreren er leikeeigenskapane. Etter nokre timar i småbølgjer kjende eg at eg blei svært glad i den. Eg trengde litt tid til å bli kjend med den, men etterkvart vart vi einige om det meste..

Meir informasjon om P&H Cetus finn du HER 
Meir informasjon om NDK Explorer finn du HER

Byggteknisk er stort sett alt betre på P&H- kajakken. Men exploreren er bygd for atomkrig. Noko du også merkar når den skal løftast opp på biltaket..

4 kommentarer:

  1. Tror dette var en ganske god "review".

    Hadde jeg veid 100kg hadde jeg antagelig skaffet meg en Cetus. Men jeg er en lettvekter, og det har ikke lykkes meg å finne ut hvordan LV-utgaven av cetus er i forhold. I tester og beskrivelser karakteriseres den så forskjellig at den ser den ut til å eksistere i forskjellige utgaver. Noen sier det er så ustabil at den kun anbefales for svært erfarne padlere, og andre kaller den stødig!

    For folk som skal kjøpe kajakk er slike sammenligninger som dette veldig interessante.

    SvarSlett
  2. Dette med kor stødig ein kajakk er, kjem nok mykje an på erfaringa til den som uttalar seg. Eg har prøvd mange ulike modellar, og av alle desse er nok cetusen ein av dei mest stødige.

    Men om dette er positivt, kan ein jo diskutere. Som oftast blir dei jo vanskelegare å rulle då.

    SvarSlett
  3. Det er kun to ting som gjør at jeg ikke har en cetus lv i dag. Cetus blir av alle karakterisert som stødig, men ang. lv-utgaven er det delte meninger. Linjetegninger og data som jeg har sett tyder på at den er vesentlig mer ustabil en f.eks tiderace xplore.

    Men det er noe annet som jeg også har lurt på angående Cetus. Betjeningen av skeget oppleves som så dårlig. Knotten gir nesten inntrykk av å svikte når som helst, og selve overføringen til roret er noe som ser ut som en tynn hyssing som ligger løst inne i sporet til knotten.

    P&H har visst hatt noen andre problemer med skeget på disse båtene også.

    SvarSlett
  4. Fin test, kort og konkret! Som du har fått med deg har jeg bestilt meg en Explorer nå. Har en Kajakksport Artisan fra før, og det er nok min "Cetus". Artisan er en fantastisk båt med last, men noe rank og vrien uten last. 557/55,5cm Planen er at Artisanen skal med på langtur, mens Exploreren skal lekes med på dagsturer. Ifølge dine vurderinger ser det ut til at jeg har truffet bra:-)

    SvarSlett