Tips og reparasjonar

Innhald:



1: Fotbrett til Tahe Marine Greenland Touring

2: Kjølstripe

3: Skifte av originalt NDK- sete til valleysete:





1: Fotbrett til Tahe Marine Greenland Touring


Har tenkt ei stund på å byte ut fotpedalane på Greenlanden med fotbrett. Sjølv om eg har hatt pedalane i fremste stilling, har det vorte for trangt for beina. Eg får heller ikkje den rette fotvinkelen med dei pedalane som er monterte originalt. Resultatet vert bein som somnar etter ei stund.


Det er ikkje gjennomgåande skruer på denne modellen, så det var nok å skru av fotskinnane frå innsida.




Etterpå skrudde eg på att muttrane, for å unngå at boltane gjer skade på tørrdrakta.




Eg fann nokre trekanta skumplast- klossar som hadde omtrent den vinkelen eg villle ha på fotblada. Så målte eg lengste breidde og lengde fotbrettet måtte ha.




Eg ville først lage ein mal av isopor. Det er dyrt å prøve å feile for mykje med minicell..

Som ein ser av biletet, er isoporplata omtrent like tjukk som minicellplata.


Eg laga ein mal etter måla eg hadde teke, og augemålet mitt. Prøvde å ikkje lage platen for liten i første omgang, men heller skjære av etterkvart. Det vart etter "prøve å feile- metoden". Ikkje så farleg når det er isopor..






 No vart det litt for romsleg, så eg måtte skifte ut trekantklossene med nokre som var litt større.


Eg limte desse to saman med Tech 7.


For at denne klossen ikkje skulle vandre for mykje frå side til side, sette eg også inn skumklosser på sidene.


Då eg var fornøgd med passforma på plata og då eg kjende eg sat godt, skar eg ut plata i minicell.



Etter litt småjusteringar, passa den ganske greitt inni kajakken.


Eg syns at fotfestet no var litt for fleksibelt (kanskje spesielt ved trakk ved rulling?), så eg ville avslutte med ei hardare plate. Då brukte eg King Starboard.. Denne plastplata er ganske dyr, men eg hadde ein rest liggande. Denne kan sagast med vanleg handsag og er difor lett å jobbe med.


Så måtte eg prøve og feile meir. Eg brukte saga, slik at den passa ganske bra. Sidan TM Greenland er ein "sart blome" er det viktig at denne plastplata ikkje er for stor. Då kan du presse ut skroget ved eit skikkeleg fottrykk.


Eg limte plastplata fast til minicellen med Tech 7.


Her er det ferdige resultatet. Det var ikkje noko mål å få det heilt tett rundt. Uansett er det vanskeleg å unngå at vatn kjem inn, og då er det like greitt at det er god drenering rundt.


Viss eg ville hatt det heilt tett, kunne eg ha brukt tetninsstoff på sidene. Men det er uansett for tidleg å montere noko permanent. No skal eg ut å prøve den ved rulling. Då er det lett å få ut att plata, og justere tjukkelesen på klossene inst. Når eg endeleg finn den rette innstillinga, kan eg eventuelt feste alt med nokre punkt med kvit Tech 7.

  • Problem som kan oppstå er at klossene inst vil gå i oppløysing. Då kan eg kanskje erstatte dei med minicell. Men dette gjer eg ikkje før eg veit sikkert kor store dei skal vere. 
  • Kanskje blir plastplata for glatt? Eit par stripar med Tech 7 vil kanskje gjere nytten? (som har utruleg god heft. Har hatt slikt på fingane i vekevis..) 
  • Moglegheiten for å strekke ut beina forsvinn med plateløysinga. Men det har vore så trangt inni der, at noko beinstrekk nesten har vore umogleg uans



2: Kjølstripe:


Sidan kajakken min kjem til å bli brukt til mykje padling der nærkontakt med fjell og rur er vanleg, bør den ha kjølstripe. Her følgjer ei "punkt for punkt"- oppskrift om korleis eg gjorde det:

Utstyr:
  • Blå maskeringstape. (Bruk den beste typen. Når du skal dra av, slepp du at den slitnar. Denne typen tåler også å bli pussa på.)
  • Polyester med herdar
  • Gelcoat med herdar.
  • Pussepapir (nr 80)
  • Aceton til vasking
  • Presenning, tau og varmluftsvifte (må passast på når den er i bruk!)
  • Tusj, avispapir og mange filler
  • Tapetkniv, plasthanskar og 2-3 penslar
  • Kjølstripe
  • To arbeidsbukkar
  • Godt arbeidslys og ein luftig arbeidsstad



1:
Kjølstripa vart skaffa her i frå. Eg fann ut at to remser med blå maskeringstape, var omlag like brei som kjølstripa. Difor starta eg med å legge på desse i midten:


2:
Etterpå streka eg opp med tusj, på begge sider av tapen. Dette området skal pussast, og påmonterast kjølstripa:


3:
Så flytta eg desse to stripene  litt utanfor tusjstrekane. Desse to tape- lengdene skal stå på under heile arbeidet:


4:
At kajakken treng kjølstripe, er lett å sjå..


5:
Så tok eg på to nye maskeringstape- lengder, nesten heilt inn mot tusjstrekene. Eg ville prøve å pusse bort tusjstrekene. Neste steg var å pusse med sandpapir (nr 80) for at polyesteren skal få best mogleg feste på kajakken:


6:
Tørke og vaske med aceton:


7:
Før påføring med polyester, må det lagast ein tunnel der den varme lufta kan gå igjennom. For at polyester og gelcoat skal herde skikkeleg, er det viktig at det ikkje vert for kaldt:

8:
Eg plasserte ei vifteomn i enden av denne tunnelen:


9:
Så var det berre å starte. Eg limte kjølstripen fast med polyester. Rundt senkekjølboksen klipte eg opp stripa, og la den på begge sider. Framme og bak på kajakken maskerte eg ekstra på sidene, med avispapir. Her har det ein tendens til å renne nedover med polyester/ gelcoat, sidan det er så bratt.

10:
Først pensla eg med polyester, så la eg kjølstripa oppå:


11:
Så gjekk eg på att med pensel og metta heile stripa med polyester. Hanskar og god lufting er smart når ein jobbar med polyester:


12:
Spesielt rundt kjølboksen, er det viktig at det vert sterkt nok:


13:
Ferdig metta kjølstripe med polyester:


14:
Så lot eg det stå slik ei stund med pressenning og varme på, slik at det skulle få tørke litt:


15:
Etter omlag ein time tok eg vekk inste maskeringstapen, slik at ikkje den skulle lime seg fast til kjølstripa. Så tok eg på att tunnelen og starta vifteomnen. Herdingstid ved 20 gradar er omlag seks timar, men eg lot det stå til neste dag  for at alt skulle tørke skikkeleg. (Eg skrudde av vifteomnen om natta..)


16:
Dagen etter:


17:
Her og der måtte eg skjære bort litt glasfibertråd:


18:
På med ny stripe maskeringstape inst mot stripa. Så pussa eg ned på kjølstripa, vaska bort, og hadde på gelcoat:



20:
Gelcoat vart påført (med hanskar!):


21:
Ferdig første strøk:

22:
Når gelcoaten hadde stått ei stund og ikkje var så blaut lenger (sjekke med fingen ved sida av stripa), skal inste maskeringstapen bort:



23:
Dra forsiktig av den inste maskeringstapestripa, ha presenning over, og start vifteomnen slik at temperaturen i tørkeprosessen går opp. Neste dag var gelcoaten fortsatt litt for mjuk til å pussast, så eg lot det stå ein ekstra dag.


24:
Så var det klart for siste strøk med gelcoat. På med ny maskeringstape inst mot kjølstripen, puss ned og vask:


25:
På det siste strøket brukte eg ein lys grå farge. Syns det er ok at kjølstripa er synleg:



26:
Etter ei stund tok eg av inste tapen igjen:


27:
Så tok eg bort den ytste tapen:


28:
Voila; FERDIG! Kun siste tørkinga i tunnelen står att:





3:    Skifte av originalt NDK- sete til valleysete:


1:

Før det gamle originale sete var fjerna, merka eg av framkant og bakkant i botnen på kajakken. Det nye måtte vere mest mogleg lik i plassering. Om dette vert endra, vert eigenskapane til kajakken endra også.. Det nye setet er lengre (har meir støtte til låra), slik at det er bakkanten som er viktigast å følgje.



2:

Eg sikta ovanfrå og prøvde å få bakkant mest mogleg likt som det gamle setet.


3:

Så teikna eg rundt eine skruen med tusj der det måtte borast. Valleysetet har fem ulike innstillingar i lengderetning, slik at det er mogleg å regulere litt etterkvart.


4:

For å sikre at setet ikkje ville bli montert skeivt, brukte eg tau frå bærehandtaket bak for å måle kor skruehola skulle vere på den andre sida av cockpit..


5:

For at det nye sete skulle få plass måtte restane etter det gamle vekk.



6:

Då måtte eg bruke vinkelslipar. Det vart eindel støv (type farleg) under denne prosessen, så her er maske og briller smart..


7:

Så var det berre å bore. Tynt bor først.



8:

På med plata med feste til skruene under. Desse har to skruefester, men erfaring med Cetusen (skifta sete på den tidlegare) har vist at ein skrue på kvar side er nok.




9:

På med polstringane på sidene.


10:

Ferdig resultat. Explorer med valleysete.