mandag 21. mars 2016

Surfesymposiumet i Hoddevika 2016


I palmehelgen var eg så heldig å få vere med på padlesymposium i Hoddevika, arrangert av Gloppen padleklubb. Basen var Stad Surfing i gåavstand til stranda. Her budde vi heile helga og laurdag kveld fekk vi også servert middag her. 



Samlinga vart organisert på den måten at vi vart delt opp i to grupper etter nivå og eventyrlyst.. Dei mest eventyrlystne vart instruert av Torbjørn Nordeide, til høgre på bilete under (med det fine skjegget).



Den andre gruppa vart leia av denne hyggjelege karen, Ronny Riise:


..og her var var nokre av disiplane hans


Det første denne gruppa gjorde, var å tippe rundt i brottsona, berre sånn at det var gjort...


Vidare trente denne gruppa på å manøvrere kajakken i desse forholda, og ulike former for støttetak.


Den andre gruppa gjekk også ut, men ALLE gløymde kajakkane sine..


Ronny tek opp svingtak i bølgjer, eller "båre" som mange her oppe seier.



På SNL står det at båre tyder: " (stor) bølge, brukt særlig i eldre poetisk språk."  Båre er eit så bra ord, at det vert herved adoptert. (Dessutan er jo denne bloggen veldig poetisk..)... Som ein ser så kan bårene lett velte ein kajakk...



Eller ein kan ha mykje moro med "båresurfing":


Og padle gjennom bårene:


..og vente på bårene. (Torbjørn hadde framleis ikkje heilt forstått at det var kjekkare med kajakk... ;-))


Mildrid hadde full kontroll på alt. Også å rulle når det er 10 cm djupt..




Dei meir eventyrlystne fekk leike seg med bårene, med Torbjørn som observatør og rådgjevar.






I eine enden av stranden var det "vanlege" surfarar. Desse hadde ikkje rustning og hjelm. Så vi heldt god avstand til desse heile helga.


Endeleg fann også Torbjørn fram kajakken, og det er ikkje noko i vegen med "skillsa" til denne karen. Ikkje mange i Noreg så har så god kontroll på kajakken som han. Mykje å lære ved å berre sjå på..


Veldig mykje bra padling heile helga! I tillegg til ein fantastisk god middag på laurdag kveld, fekk vi også servert ein cello- konsert med songar av blandt anna  Bach og Sting! Fantastisk!

Søndag vart det meir individuell trening med litt gruppelæring innimellom. Også sikkerheit i surfesituasjonar vart mykje fokusert på.

Andre ting vi trente på var mellom anna sidesurf, å ta ein surf, og å ikkje ta ein surf, ulike støttetak, kanting og mykje meir. Begge instruktørane heldt eit veldig høgt nivå, og det var mykje å lære for alle. Samlinga hadde ein uformell og leiken stemning, mange smil å sjå heile helga og mange både nye, og gamle vener å treffe!

På veg heimatt.



Tusen takk til Gloppen padleklubb og dei to flinke instruktørane for ei kjempetriveleg helg!

Ein artikkel i Padling kjem.....om ikkje så brått.. :-)