søndag 11. juni 2017

Grunnkurs!

Helga 10. og 11. juni hadde eg grunnkurs for seks kjekke deltakarar.





Etter fordeling av utstyr og kajakkar, var det tørrtrening på å løyse av trekket ved velt.




Så var det ut på sjøen.


Dei ulike svingetaka og padletaka, vart introduserte utover i kurset.



Deltakarane i flåte:



Laurdagen var det så roleg og fint tidleg på dagen, at vi kunne ta ein tur rundt Prestøyna










Stig og Beate:



Maria og Marius:



Trening på sidevegs forflytning, sculling:



Vi avslutta laurdagen med eigenredning og kameratredning. Då hadde det blåse opp så pass, at det vart litt utfordringar å få det til. Greitt å trene i realistiske forhold.


Søndagen starta vi med ein tur inn til Straumsbrua.




Varierande ver på kurset, kan ein seie..







Marius trener baugtak






Annette:



Indiane:



Maria:






Etter nokre repetisjonsøktar diverse stader  rundt i Askvoll- bassenget, var det igjen klart for redningsøvingar.

Kameratredning:





















Og nokon klarte seg heilt utan kajakk! :-)



Cowboyredning:












To kjekke dagar med ein sporty gjeng! Klar for å utforske padlesporten på eiga hand :-)

Om du er interessert i grunnkurs, skal eg ha eit nytt helga 1. og 2. juli. Der er det framleis 4 ledige plassar. Meir info HER.

tirsdag 6. juni 2017

Rundt Møkalasset!

Søndag morgon vart det ein tur rundt Møkalasset i Vilnesfjorden. 




Først rundt Sauesundøyna. Denne staden er fin til telting.





Vakker kajakk i vakker natur



Nokre gongar kan det vere tungt å stå åleine..



Fjellhylle- tak!



Gjennom Sauesundet.






Grovaholmen til venstre.









Litt meir plask her ute.



Krokholmen.



Kan sjå ut som ein U- båt når det er flod, men det er altså Møkalasset.

Ein av dei få øyane uti her som ikkje er fuglereservat. (Men det veit ikkje fuglane, for dei hekkar på skuletak/ utanfor rådhuset og legekontoret i Askvoll sentrum... .-))






Liten stopp på Sauesundøyna på tilbakevegen også.



Strandnellik



Tiriltunge



Retur til Askvoll etter omlag 10 kilometer padling..