Helga 10. og 11. juni hadde eg grunnkurs for seks kjekke deltakarar.
Etter fordeling av utstyr og kajakkar, var det tørrtrening på å løyse av trekket ved velt.
Så var det ut på sjøen.
Dei ulike svingetaka og padletaka, vart introduserte utover i kurset.
Laurdagen var det så roleg og fint tidleg på dagen, at vi kunne ta ein tur rundt Prestøyna
Stig og Beate:
Maria og Marius:
Trening på sidevegs forflytning, sculling:
Søndagen starta vi med ein tur inn til Straumsbrua.
Varierande ver på kurset, kan ein seie..
Annette:
Indiane:
Maria:
Etter nokre repetisjonsøktar diverse stader rundt i Askvoll- bassenget, var det igjen klart for redningsøvingar.
Kameratredning:
Og nokon klarte seg heilt utan kajakk! :-)
Cowboyredning:
To kjekke dagar med ein sporty gjeng! Klar for å utforske padlesporten på eiga hand :-)
Om du er interessert i grunnkurs, skal eg ha eit nytt helga 1. og 2. juli. Der er det framleis 4 ledige plassar. Meir info HER.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar