I dag var Roger, Oddvinn, Tron Ivar og eg ein tur ut til Bulandet. Etter skraping av is frå bilane, pakking og ferjeturen ut, var vi klare for padling. Roger med nye solbriller. Stolt som ein hane!
På veg ut til første leikeplass. Her kom det inn bølgjer som var fine å leike på:
Noko lange surfar vart det ikkje, men moro var det likevel!
Roger med ein sidesurf:
Tron Ivar med surfekajakken:
Oddvinn får vaske seg:
Etter ei stund, vart det så grunt at vi forflytta oss til Sandøy, der vi tok lunsj.
Påske- stemning i solveggen:
Tron Ivar hadde med seg P&H Delphin.. Den fekk eg prøve etter pausen. Artig surfekajakk og veldig stabil, men vinden tek lett tak i snuten. Den er jo nesten ikkje nedi sjøen framme...
I Bulandet er det vanleg å sjå ørn:
Her er vi på veg til leikeplass 2:
Det kom svære bølgjer over berget her. På baksida var det ein bra treningsplass:
Roger på veg ned i taren:
Etterkvart vart det så kald vind og mykje vindbølgjer, at vi var fornøgde med dagen.
Ein flott, men kald dag i Bulandet, gjekk mot slutten.
tirsdag 3. april 2012
lørdag 24. mars 2012
Morgontur med Marlinen
I dag var eg på sjøen før åtte. Då hadde sola allereie vore oppe ei stund. I dag brukte eg Goltzianaen på tur. Lenge sidan sist. Ikkje så veldig rask, men veldig lett å manøvrere og leiken til tusen!
På Øyra dreiv denne oteren på og skaffe seg frukost. Det såg ut som at det var ein smal sak for han. Han kom opp med den eine småfisken etter den andre.
Fekk også teke eit porttrett av han:
Her er eg komen ut på Flatøyna. Lovleg område ein knapp månad til. Eg såg mykje tjeld i dag..
Ferja frå Værlandet:
I dag var det skikkeleg påskestemning utpå. Sola varma slik at det gjekk an å gjere slik:
Vatnet er klart enno:
Inn att mot Askvoll, etter ein flott morgontur!
Ingen rulling i dag. Iskaldt i vatnet, og småsjuk kropp..

lørdag 17. mars 2012
Holmedal
I dag vart det ein liten padletur i Holmedal, medan eg venta på ein av ungane som var i bursdag der.
Blankt utpå i dag..
Godt å sjå at tjelden er komen!
Her var det berre toppen av "trefjellet" ein såg..
Under overflata:
Endå meir drivved:
I dag var også første tur med det nye Snap Dragon- trekket. Det fungerte fint. Lite vatn i sitjebrønnen etter mange ruller.
Måtte også teste kamerastativet. Det fungerte også bra, sjølv om eg må vinkle det litt meir nedover.
Her ei rulle og litt sculling:
Etter mange ruller begynte det å bikke.. Her trenar eg på sveipetak med støtte, med kameraet litt på halvåtte.
Etter denne rulla lausna stativet frå kajakken. Eg fekk det ikkje med meg.
Eg padla vidare med kameraet på slep under. Oppover elva også. Må seie eg er litt imponert over kva dette kameraet toler.. .-)
Må stramme bardunene på sidene litt meir, så trur eg dette stativet skal fungere greitt. Også på Bulandet!

mandag 12. mars 2012
Kamerastativ 2
I fjor haust eksperimenterte eg litt med å feste eit høgare kamerastativ på kajakken. Innlegget om dette finn de HER.
Dette fungerte ikkje heilt i alle samanhengar (td rulle), så noko nytt måtte lagast:
Denne gongen har eg montert på ein tapp der strikket er festa på midten av dekket, slik at det held seg i ro:
Så har eg bardunert staget i fire retningar, med wire og krokar ned på dekkslina:
Eg har ikkje tenkt så mykje på at ting skal vere rustfritt/ syrefast, så eg må nok passe på å skylje godt med ferskvatn om dette skal vare. Eg har uansett meir tru på dette systemet, det verka meir solid.
Må ut å prøve snart, berre ting roar seg ned ein gong. (Travle tider..)

søndag 12. februar 2012
Drumroll
Finn ein feil her:
Korleis kombinere to av mine største hobbyar? Tromming og rulling?
Det måtte prøvast..
Drumroll:
Litt ustø på slutten, men utprøvd. Og det fine med trommestikker, er at dei flyt:
Ikkje noko langtur i dag. Berre nokre rullar og øvingar.
Nyansar i grått, kvitt og svart: Merkar at våren ikkje er langt unna.
Til slutt ein butterfly- rulle. målet mitt med denne er å få den til på ein roleg og elegant måte:

fredag 10. februar 2012
Mimring..
Når ein no begynner å bli gamal :-) , tenkjer eg tilbake på korleis heile padlekarrieren starta, og kursa eg har delteke på.
Sommaren 2004 var eg med på eit utdrikningslag på Bulandet. Ein av aktivitetane der, var padling i doble kajakkar. Eivind Nordeide frå Njord hadde oss med ut i sunda, og litt ut i dønningane. I starten ville eg ikkje padle. Eg meinte det der greiene ikkje var noko for meg (SÅ feil kan ein ta..)
Berre ved å padle i ein dobbelkajakk, fekk eg eit enormt kick! Tenk det; å kome seg fram på denne måten med eigen muskelkraft, og så raskt! Og alt du såg! DETTE skulle eg gå djupare inn i.
Same kvelden eg kom heim, var det å slengje seg på internett for å finne kajakk. Pris og tilgjengelegheit vart avgjerande då eg vart den stolte eigaren av denne:
Hasle Expedition:
Dei første gongane eg skulle prøve kajakken, var eg ikkje utom båthamna. Utanfor kunne jo bølgjene kome opp i 10 cm! Eg syns kajakken verka svært ustabil, og var livredd for å tippe rundt. Etterkvart turte eg å padle utanfor hamna, stiv som ein stokk og nervøs.. Eg fann ut at skulle eg drive med dette, måtte eg ta kurs.
Sommaren 2005 meldte eg meg på grunnkurset til Njord på Bulandet. No skulle eg lære meg dette skikkeleg.
I lag med to andre kursdeltakarar (to superhyggjelege brødre) og kurshaldar frå Njord, hadde vi to dagar med mykje padling og ikkje minst MYKJE bading. Nokon var meir ivrig på å tippe rundt enn andre..
Frå grunnkurset på Bulandet sommaren 2005:
Etter kurset fann eg ut at trening på sjølvredningsmetoden måtte til. Åreposeredninga vart innøvd, slik at den sat godt.
Så var det padling i åleine, før eg fann ut at også andre i nærleiken likte å padle. Askvoll padleklubb vart stifta. Her kom eg inn i eit miljø der leik og øving stod i fokus.
På Stormsamlinga i Bulandet 2006 vart teknikkurset teke, med Trond Eri som kurshaldar. Og no fekk eg verkeleg innsikt i kva denne sporten handla om. Eg såg at eg hadde mykje å lære.Og så bra kurs!
Aktivitetsleiarkurset vart teke på Vårsleppet på Bulandet april 2009. Torbjørn Nordeide heldt kurset. Saman med andre kjekke deltakarar, fekk vi øve på mange situasjonar og teknikkar. Så eg hadde framleis mykje å lære ja..
Njord sitt rockhopperkurs på Stormsamlinga 2009, var det neste. Øving på redningar i brottsjø, korleis ta ein surf, og mykje anna å lære. Veldig kjekt! Torbjørn Bjelland var kurshaldar:
Eg var også svært nysgjerrig på elvepadling. Det såg veldig moro ut! I september 2010 var vi ein gjeng frå klubben som reiste til Stardalen i Jølster på grunnkurs Elv: Instruktør var denne stramme karen:
Av alle kurs eg har delteke på, er nok dette det beste! Med ein uformell atmosfære og svært lærerike dagar, var dette ein "høydare" i padlekarrieren min. Berre synd at eg ikkje har fått padla elv etter dette kurset..
Det siste eg har gjort er å delta på vidaregåande kurs HAV i 2011. To helgar i lag med kjekke folk. Kurshaldarar var Lidun Hardeide og Trond Glesaaen. Liten videosnutt HER. Mykje å lære på dette kurset, ikkje minst om seg sjølv..
Vegen vidare?
Lære meir! Padle meir! :-)
Sjølvsagt..

onsdag 1. februar 2012
Meir snurring rundt!
I ettermiddag måtte eg trene litt meir på grønlandsrullene. Det var 2 minus, men vindstille i dag. Så det var ikkje så kaldt som eg hadde trudd.
Her er først litt oppvarming (eller kanskje nedkjøling..) med eit par butterfly- rulle :
Så ein rulle med Norsaq:
Eg syns eigentleg at det er lettare med handruller, enn med å bruke norsaq. Kanskje eg tenkjer litt for mykje på norsaqen som eit åreblad? Her er nokre handruller til slutt. Den siste, ikkje heilt bra..
Så video frå kameraet på land. To handruller og ein norsaq- rulle. Det går ikkje an å redigere på dette kameraet (Olympus SP-800UZ), difor måtte eg finne eit gratis redigeringsprogram på nettet. Difor tekst midt i, og uvøren videoovergang mellom snuttane...
Tahe Marin Greenland T. Ein vakker kajakk:

Abonner på:
Innlegg (Atom)